Hopp til innhold

NVE ser alvorleg på vasstogg i Svelgen

NVE ser alvorleg på tørrlegginga av Riseelva i Svelgen torsdag kveld. – Vi kjem heilt klart til å følgje dette opp, seier seksjonsleiar for miljøtilsynet, Øyvind Leirset.

Tørrlagd Riseelv i Svelgen.

KAN FÅ FØLGJE: – Delvis tørrlagd vassdrag kan vere alvorleg for livet i vassdraget. Alt liv i eit vassdraget avheng av vatn. Det gjeld både smådyr og fisk, seier seksjonsleiar ved miljøtilsynet hos NVE, Øyvind Leirset.

Foto: Politiet

Miljøtilsynet i NVE kjem neste veke til Svelgen for å synfare elva som i går vart nærast tømt for vatn. Dei vil også hente inn biletdokumentasjon frå hendinga.

– Vi må finne ut kva som har skjedd og kva miljømessige følgjer det har fått. Så får vi vurdere eventuell reaksjon ovanfor eigarane av anlegget, seier seksjonsleiar Øyvind Leirset.

Uviss årsak

Øyvind Leirset

ALVORLEG: Øyvind Leirset er seksjonsleiar for miljøtilsynet hos NVE.

Foto: NVE

Kor lenge elva har stått utan vatn, er førebels uvisst. Men då politipatruljen kom fram like over klokka 18 torsdag rapporterte dei om daud ål og fisk i elva.

Det er førebels uvisst om årsaka er eit pågåande anleggsarbeid, anleggsarbeid i kombinasjon med naturleg låg vasstand eller berre naturleg låg vasstand.

– Det viktigaste for oss er at det er vatn tilbake i vassdraget, og at feilen vart retta så fort som mogleg. Det har vi fått stadfesta vart gjort i går kveld, seier Leirset.

– Kjedeleg uansett årsak

Det er Maskin en3prenør1 som arbeider med vassinntaket til Steinvik Fiskefarm sitt nye postsmoltanlegg i Breivika i Svelgen.

Anleggsarbeid ved Risevatnet

ANLEGGSARBEID: Det går føre seg anleggsarbeid ved Risevatnet, men naboar og grunneigarar har i dag opplyst til Bjarte Steinhovden at elva også før anleggsarbeidet kunne bli nærast tømt for vatn.

Foto: Politiet

– Det skjedde noko i Riseelva som vi nøster opp i. Vi er under politietterforsking og vi må finne ut kva som har skjedd, seier dagleg leiar Runar Rise Hallset.

Prosjektleiar for Steinvik Fiskefarm, Bjarte Steinhovden, tykkjer hendinga er kjedeleg uansett årsak.

– Vi jobbar intenst med å finne ut kva som har skjedd her, men det er for tidleg å konkludere, seier han.

Rosar entreprenøren

Det var Firdaposten som først omtala tørrlegginga. Til avisa seier Steinhovden at dei også tidlegare har erfart døgnvariasjonar på opp til 90 centimeter på vasstanden i Risevatnet.

Daud fisk og ål i Riseelva.

DAUD FISK: Politiet som kom til staden fann både daud fisk og daud ål.

Foto: Politiet

Det har siste tida vore lite nedbør, noko som igjen har resultert i lite vatn i elva.

Steinhovden rosar entreprenøren som ti minuttar etter at han vart varsla fekk vatn i elva att.

– All honnør til entreprenøren. Det vart oppdaga før klokka 18, og entreprenøren vart varsla 1813. Klokka 1823 var elva opna att, seier Steinhovden.

– Miljøkriminalitet

Operasjonsleiar Ole Tom Nord ved Vest politidistrikt i Florø seier at saka blir klassifisert som miljøkriminalitet og blir etterforska ved lensmannskontoret i Bremanger.

– Så får ein ut frå det ta stilling til om dette er miljøkriminalitet som skal straffast, seier han.

Hos NVE seier Leirset at dei har ulike reaksjonar om dei konkluderer med at det er gjort noko ulovleg.

– Då kan reaksjonen vere alt frå kritikk til at dei må rette opp tiltak. Vi har også moglegheit til å gi lovbrotsgebyr eller å melde saka til politiet, seier han.