Hopp til innhold

NVE sender ut varsel om jord- og flaumskredfare

Det er venta mykje nedbør, og NVE sender no ut varsel om jord- og flaumskredfare på gult nivå for Vestlandet.

Jordskredvarsel for Hordaland, Sogn og Fjordane

GULT VARSEL: Fare for jord- og flaumskred i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: NVE

– Varselet gjeld for i dag og i natt, og folk bør vere merksame på om vatn samlar seg opp enkelte stader, og sørge for å få det vekk, seier Monica Sund ved Varsom.no.

Varselet som no er sendt ut for Sogn og Fjordane og Hordaland er på gult nivå, som er det første nivået som NVE varslar på, på ein skala som går frå 1-4, der 1 er trygge forhold.

Ventar mykje nedbør i dag

Geir Ottar Fagerlid

VENTAR MYKJE REGN: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Meteorologisk Institutt

– Om helga var fin, har veka starta brått og brutal. Det har regna godt på morgonkvisten og slik blir det også resten av dagen, seier Geir Ottar Fagerlid ved vêrvarslinga på Vestlandet.

På kysten bles det i dag opp i sterk kuling, men det er venta å roe seg ut på kvelden til liten stiv kuling.

– Nedbøren kjem over heile fylket, og dei mest utsette stadane kan få opp i 40 mm i løpet av eit døger, så det blir ei skikkeleg rotbløyte.

Temperaturane blir likevel ikkje så verst, og kan kome opp i 10–12 grader på dagtid.

Desse er mest utsette

Monica Sund

JORD- OG FLAUMSKREDFARE: Monica Sund ved Varsom.no

Foto: Pressefoto / NVE

Generelt skredfaren størst i bratte skråningar, bekkar og elvar med stor vassføring.

– På Varsom.no kan ein finne kart som syner regionalt kva området varselet gjeld for. Her kan det vere lokale forskjellar, og der sit kommunane med meir informasjon, seier Sund.