Hopp til innhold

NVE om snøskredfare: – Faregraden som tek flest liv

Mildvêr gjer at NVE aukar farenivået og varslar om betydeleg snøskredfare i store delar av landet.

Snøskred i Hemsedal skisenter

FRÅ VEST TIL NORD: Vêrskifte gjer at snøskredfaren er sett til nivå tre.

Foto: Steinar Bleken

Snøskredfaren er sett til oransje nivå tre.

– Historisk er dette faregraden som tek flest liv i Noreg. Dette er ein farleg situasjon som ein bør ha kunnskap om viss du legg ut på tur, seier Brigt Samdal, som er leiar for Region Vest i NVE.

Varselet gjeld for Sogn og Fjordane og Sunnmøre, samt frå Nordland og heilt opp til Vest-Finnmark. Her kan du sjå detaljane for varselet.

Det er meldt same faregrad i Nordenskiöld Land på Svalbard, noko som gjer det umogleg å gjennomføre minnemarkeringa etter snøskredet som tok liv for to år sidan. På måndag blei 180 personar evakuert på grunn av skredfare.

– Høge temperaturar og regn gjer at det er betydeleg fare for snøskred. Dette gjeld spesielt i vest og lenger nord, seier Samdal.

No ber han folk ta varselet på alvor.

– Vi kan få våte flakskred. Det skal lite til for at desse blir løyst ut, så dette må ein ta på alvor. Ikkje gå i terreng der det er fare for å løyse ut skred, meiner Samdal.

Desse områda er farlege

Område med oransje/nivå 3-varsling på snøskredfare:

Snøskred

SNØSKRED: Her kan du sjå oversikt over farlege område i Noreg.

Foto: SKJERMDUMP / Kartverket

Svalbard: Nordenskiöld Land.

Finnmark: Vest-Finnmark

Nordland: Lofoten, Vesterålen, Salten, Svartisen og Ofoten.

Møre og Romsdal: Sunnmøre, Romsdal, Trollheimen

Sogn og Fjordane: Indre Sunnfjord, Indre Nordfjord og Indre Sogn.

Hordaland: Voss