– Nye kompetansearbeidsplassar betyr mykje for lokalsamfunnet. Denne utflyttingsrunden er berre første runde, seier Venstres kommunalpolitiske talsperson André N. Skjelstad.
Flyttinga av stillingane vil skje i tidsrommet 2017–2019. Korleis stillingane skal fordelast mellom kontora vil først bli avklart undervegs i denne prosessen. Ein føresetnad er at tilsynet med område som har stor betyding for samfunnssikkerheit, ikkje blir svekte.