NVE er på synfaring i det flaumutsette området

Over 15 personar er evakuerte frå husa sine i Utvik. NVE vurderer no om og når dei evakuerte eventuelt kan reise heim igjen.

Store skadar etter flaum i Utvik og på Breim

STORE SKADER: Flaumen tok med seg hus og vegar. Utvik er delvis isolert og dei står framleis utan straum og vatn.

– Vi vil få oppdatering frå NVE seinare i kveld, og det dannar grunnlaget for moglegheitene folk har for å kome seg heim no eller seinare, seier ordførar, Sven Flo i Stryn.

Førebels har 15–20 personar måtte reise frå heimane sine, og Noregs vassdrags- og energidirektorat undersøker no kva tiltak ein skal gjere vidare.

– Dei sjekkar elvane. Det er maskiner i elvene som jobbar med tiltak no og dei ser på husa som er i nærleiken av elvane, seier Flo.

Veg rasa ut i Utvik flaumen

ISOLERT: Store skader på vegar og bruer gjer at bygda er delvis isolert. Ein må ta seg inn med båt.

Foto: Alf Vidar Snæland

På grunn av at fleire vegar og bruer er øydelagde har ein måtte ta seg til Utvik på vatnet, men det har også vore utfordrande.

– På grunn av mykje drivved på fjorden har det vore vanskeleg å ta seg fram på vatnet også, seier Sven Flo.

Manglar framleis vatn

Om lag 200 hus vart straumlause etter skadane, og dei står enno utan vatn. Kommunen har fått transportert inn flaskevatn til bebuarane, og jobbar med feilsøking.

– Vassforsyninga vil truleg ta litt tid før det er ordna. Stryn Energi jobbar med mellombelse løysingar for straumforsyning i heile eller delar av området, seier Flo.

Politiet opplyser at både NVE, Røde Kors og politiet vil vere i området heile natta og vurdere kva ein skal gjere vidare. Kommunen sin krisestab er i dialog om kva grep som skal bli gjort framover.

– Vi har også vore i kontakt med fylkesberedskapsrådet og vurderer kva vi skal gjere framover no, seier Sven Flo.