Snøskredfaren er sett til oransje nivå 3.
Det er spesielt i delar av Nordland, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland at faren er verst. Sjå detaljane her.
Bakgrunnen for den auka snøskredfaren er vêrendringa ute i havet, fortel vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Martin Granerød.
– Høgtrykket vi har hatt dei siste dagane ute i Atlanterhavet har blokkert for lågtrykka, men har no svekka seg. Dermed kjem lågtrykka inn, og det skjer på kysten alt fredag kveld.
– Med plutseleg mildvêr og nedbør aukar difor snøskredfaren, seier Granerød.
Snø
Folk på kysten vil merke det ved at det byrjar å snø. Så dreg lågtrykksfronten seg sakte innover landet. På Vestlandet skjer dette natt til laurdag og laurdag morgon.
– Samstundes vil snøgrensa stige, slik at det blir ganske mildt på dagen, kanskje åtte til ti grader i ytre strøk, mens det i indre strøk vil snø litt lenger. Etter kvart vil snøgrensa stige til 600–800 meter også i indre strøk, fortel Granerød.
– Det er typisk at når det er mykje snø i fjella frå før, og det kjem ein temperaturovergang, så stiger snøskredfaren, ifølge meteorologen.
Temperaturen vil falle igjen laurdag kveld og snøgrensa vil difor gå litt ned att.
Desse områda er farlege
Område med oransje/nivå 3-varsling på snøskredfare:
Nordland: Lofoten, Vesterålen, Salten, Svartisen.
Møre og Romsdal: Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre.
Sogn og Fjordane: Indre Sunnfjord, Indre Nordfjord og Midtre Nordfjord.
Hordaland: Voss, Hardanger.