NRK Meny
Normal

Lagar smykke med gammal teknikk

Knutar forsvinn ut av hovudet og inn i tråden. Merete Husmo Høidal lagar nye uttrykk med ein gamal og trua teknikk.

Knuter forsvinn ut av hodet og inn i tråden, Merete Husmo Høidal lagar nye uttrykk med ein gamal og trua teknikk!
Ho held Nuperellekurs i Florø.

Merete Husmo Høidal lagar nye uttrykk av gamal teknikk. Foto/red: Heidi Lise Bakke

Merete Husmo Høidal

Merete Husmo Høidal har teke i bruk att ein gamal teknikk

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er mange som lurer på korleis ein gjer det, og dei fleste trur det er hekling, seier Merete Husmo Høidal i Florø som har teke i bruk ein gamal handarbeidsteknikk.

Den er nok i ferd med å døy ut, men ho har fått nytt liv i nuperellene ved å gje dei eit nytt uttrykk.

Ho starta med å lage nupereller i 2006 då ho kom over eit gamalt utklipp frå vekebladet Hjemmet.

– Eg tenkte at dette var noko nytt eg ville prøve det, fortel ho.

Vart hekta på smykke

Det var mor hennar som hadde klipt det ut til ho. Vekebladet er frå 80-talet, men den gong var ikkje Merete interessert nok til å byrje med den langsame og tidkrevjande teknikken.

Madame Adelaide De France

Madame Adelaide de France. Måleri av Jean Marc Nattier frå 1700-talet.

Foto: Måleri frå 1756 / NRK

Det var ikkje så interessant med desse gamaldagse brikkene heller.

– Men så fann eg ut at eg kunne lage smykke, og då var eg hekta.

Gamal teknikk

Å lage nupereller er ein svært gamal teknikk, og ein kan sjå det på gamle måleri frå 1700-talet at kvinnene gjerne sat med slikt handarbeid.

Teknikken går ut på å knytte tråden på ulike måtar ved hjelp av ein skyttel. Reiskapen er kjent frå mange hundre år sidan. Merete har ulike typar skyttel alt ettersom korleis knutane skal sjå ut. Det er og avgjerande kva type tråd ein har.

Nuperellekurs i Florø
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ho held kurs i nuperelleteknikken i Florø gjennom Husflidslaget. Fleire er no i gang med kurs nummer to. Deltakarane tykkjer det er ganske vanskeleg og det er eit arbeid som krev konsentrasjon.

Vi har lært veldig mykje. Desse raudlista teknikkane er det viktig å ta vare på, seier kursdeltakarar Magni Knapstad Hjertenes.

Sjå Merete og dei andre på Noreg Rundt fredag den 24. april kl. 19.30 på NRK 1.

Gå til forsiden

Nuperellesmykke laga av Merete Husmo Høidal

Nuperelle-smykke laga av merete Husmo Høidal

Nuperellesmykke laga av Merete Husmo Høidal

13 bilder

    Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
    Teaterfestivalen i Fjaler  
    Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå