Hopp til innhold

Null Terra-effekt i Vik

Valresultatet i Vik tyder på at veljarane ikkje har funne grunn til å straffe politikarane for Terra-skandalen.

Marta Finden Halset

Marta Finden Halset

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Arbeidarpartiet som har hatt ordføraren i den siste fireårsperioden får ein framgang på 1,3 prosentpoeng til 36,3 prosent, og mykje tyder på at Marta Finden Halset kan sjå fram mot fire nye år som ordførar. Ho var varaordførar i den forrige perioden då dei famøse Terra-investeringane vart gjort.

Venstre valvinnar

Den store valvinnaren er likevel Venstre, som med 22,5 prosent har ein framgang på 10,6 prosentpoeng, medan Senterpartiet går tilbake med 8,1 prosentpoeng. Morten Holmberg er førstekandidaten til Venstre.

Det som eventuelt kan vippe Finden Halset av pinnen er eit samarbeid mellom dei borgarlege partia. Ap må i alle tilfelle finne ein samarbeidspartner dersom Marta Finden Halset skal få halde fram i ordførarstolen.

Her er valresultatat i Vik .