NRK Meny
Normal

NTP: Ein er nøgd og ein er ikkje

Nasjonal transportplan vart vedteken i Stortinget måndag kveld. Dermed er det formelt vedteke at Stad skipstunnel skal byggast snarast, og at Vikafjellstunnelen er i det blå.

Aleksander Øren heen og Bjørn Lødemel

POLITIKK: Aleksander Øren Heen (Sp) og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H)

Foto: NRK

Nasjonal transportplan (NTP) gjeld for perioden 2018 til 2029. Det meste i planen er kjent frå før i Sogn og Fjordane.

Mellom anna at Stad skipstunnel er fullfinansiert og at det ikkje er sett av pengar til Vikafjellstunnelen.

Høgre sin stortingsrepresentant Bjørn Lødemel seier at tunnelen under Vikafjellet er for dyr.

– Vikafjellet er eit av dei prosjekta som ikkje kom i mål denne gongen. Difor er eg glad for merknaden som ligg der om arbeidet som skal gjerast i neste NTP. Det som er sagt her er at kostnadane på tre milliardar er for høg. Då var det vanskeleg å samle støtte til prosjektet.

Han tykkjer at bygginga av skipstunnelen er positivt.

– Skipstunnelen skal byggast og arbeidet skal starte opp så snart som mogleg. Det tykkjer eg er fantastisk, seier Lødemel.

Heen følgde med

Sp sin Aleksander Øren Heen sat på tilskodarbenken og følgde med då Stortinget vedtok regjeringa og samarbeidspartia sitt framlegg til NTP.

Han likte ikkje det han såg.

– Eg tykkjer ikkje NTP er så positiv for vårt fylke sin del. Og vi høyrer at Frp sine representantar er glade for at planen brukar mest pengar der det bur mest folk. Og at det er på Austlandet.

– Då stadfestar dei jo sjølve at Vestlandet ikkje er eit satsingsområde i denne NTP-ein, meiner Øren Heen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser