Hopp til innhold

NRK truar ikkje andre media

Ein rapport frå NHH slår fast at NRK på nett er med på å gje publikum eit betre og variert tilbod.

NRKs brede tilbud får du på stadig flere plattformer.

STYRKAR TILBODET: NHH meiner NRK og lokalavisene skriv om ulike saker og at ein såleis er med på å gje publikum eit breiare tilbod.

Foto: Jon-Annar Fordal / NRK

Ein ny rapport som er laga på oppdrag frå Kulturdepartementet har undersøkt konkurransesituasjonen mellom NRK på nett og lokal- og regionalaviser.

Rapporten i sin heilskap gjort tilgjengeleg via Kulturdepartementet sine sider.

– Vår konklusjon er klar: NRK på nett har i lita grad råka andre medieaktørar og publikum har totalt sett fått eit betre tilbod, seier professor Lars Sørgard ved SNF som står bak rapporten til internavisa til NHH.

Lars Sørgard

HAR FORSKA PÅ NRK: Lars Sørgard har undersøkt konkurransesituasjonen mellom NRK og lokalavisene.

Foto: NHH

Bidrar til betre tilbod

NRK har ei svært sterk stilling i medie-marknaden. Enkelte har hevda at andre media vert råka negativt og at publikum får eit dårlegare tilbod totalt.

– Vår innhaldsanalyse viser at NRK og lokalavisene skriv om ulike saker og dermed dekkjer ulike behov.

Selv i de regioner der NRK har stor andel av nett-trafikken, som for eksempel i Sogn og Fjordane, synes det som at de ikke er en hardere konkurrent mot lokale nettaviser enn i andre regioner.

NHH rapport

Rapporten har særskilt tatt føre seg mediesituasjonen i Sogn og Fjordane.

– NRK skriv om heile fylket. Medan lokalavisene skriv om lokale saker i sitt område.

Også når det gjeld nettrafikken viser rapporten at media dekkjer ulike behov.

– NRK og dei regionale og lokale nettavisene viser at dei skriv om ulike saker.

Vel NRK på hendingsnyheiter

Studien har også hatt ei spørjeundersøking som viser at folk vender seg til NRK ved større hendingar.

– Den viser at lesarane i Sogn og Fjordane føretrekkjer NRK på nett når det skjer ei hending.

Han meiner dette underbyggjer at NRK ikkje er nokon konkurrent for lokal- og regionalavisene.

– Vi meiner det at å begrense NRK sin aktivitet på dette området neppe vil vere gunstig for publikum. Det vil heller ikkje i særleg grad føre til auka inntekter for regionale og lokale nettaviser, seier professoren.