Hopp til innhold

NRK SommarLutt er tilbake i sentrum

Etter eit år med pause, er NRK SommarLutt tilbake som direktesendt radiokonsert frå sentrumsscena på Malakoff Rockfestival.

NRK SommarLutt på Nordfjordeid

GRATIS KONSERT: NRK SommarLutt er ein del av Malakoff sin nye gatefest som blir arrangert på fleire scener i sentrum på Nordfjordeid denne dagen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Vilnes, Svelekameratane, Vilde og Anna, Silo, Maren og Klenkarberget sitt kor er blant artistane som står på scena når SommarLutt er tilbake.

NRK Sogn og Fjordane sender direkte på radio fredag 19. juli klokka 1403–1500. Konserten er ein del av Malakoff sin nye gatefest som blir arrangert på fleire scener i sentrum på Nordfjordeid denne dagen.

P3-stjerner

– Dette gler vi oss veldig til. Vi har med oss eit solid knippe med fantastiske musikarar frå Sogn og Fjordane, seier Stian Sjursen Takle som er programleiar for showet saman med Tone Lin Støfring Skovro.

Og han lovar han også andre gjester i i løpet av sendinga.

– Mellom anna kjem Silje og Ronny frå NRK sitt P3-morgon til SommarLutt-scena, fortel Takle.

Variert knippe med artistar

Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle

PROGRAMLEIARAR: Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle sender direkte frå Malakoff.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er eit variert knippe artistar som kjem innom scena denne timen. Vilnes frå Atløy er akkurat no aktuell med ny musikk som er blant dei mest spelte på NRK P1, Noregs største radiokanal.

Dei unge bluesartistane i Silo frå Bremanger har turnert USA og vunne Union bluescup. Svelekameratane gjer comeback etter ei lita pause frå Malakoff.

Maren Myklebust Holmgren frå Eid kjenner vi best frå den talentfulle gruppa «Indigo Child», men denne gongen stiller ho som soloartist under artistnamnet Maren. Fleire andre artistar vil også bli klare før NRK SommarLutt.

Del av gatefesten

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal tykkjer det er stas at dei får til Malakoff Gatefest i år.

– Malakoff køyrer i lag med gode samarbeidspartar musikk frå to scener i sentrum på fredag. 19. juli kl 12-15, fortel han.

Her vil fem lovande artistar frå regionen opptre.

– Det er ope og gratis for alle, så vi trur at det kjem til å vere veldig mykje folk i gatene denne dagen. Og når vi i tillegg har fått på plass NRK Sommarlutt frå kl 14–15 frå den eine scena så er godstemninga sikra, seier ein stornøgd festivalsjef.

Finn-Erix direkte

NRK Sogn og Fjordane sender også morgonsendinga si denne fredagen direkte frå Malakoff Rockfestival. Då går også fredagspanelet direkte frå Eid, og kanalen inviterer publikum til å ta frukosten saman med dei.

Laurdagen blir det ekstra festivalsending frå Malakoff sitt område på radioen i Sogn og Fjordane kl. 14:03-16:00. Der får du mellom anna høyre delar av konserten til Finn-Erix, som arrangerer verdas største basar direkte på festivalen og i radioen.

Og i alle sendingane vil du få stemninga frå festivalområdet, backstage og frå campen.