Hopp til innhold

Vann pris for årets direktesending

NRK Sogn og Fjordane si ekstrasending i samband med flaumen i Flåm og Lærdal vann i kveld pris for «Årets Direktesending» under Prix Radio i Oslo.

Årets direktesending

GLADE PRISVINNARAR: Programleiar Erlend Blaalid Oldeide (t.v.) og produsent Eldgrim Fossheim er i Oslo og tok i mot prisen i kveld.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det er veldig kjekt at vi klarar å vinne ein slik pris i så skarp konkurranse. Det var svært gode kandidatar vi konkurrerte mot, seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen.

Storflaumen i oktober i fjor var ei dramatisk oppleving for mange. På eit tidspunkt var nær 200 menneske evakuerte. Fem hus vart feid bort med vassmassane, og seks andre fekk store skadar.

– Kultur for rask dekning

Årets direktesending

BEVISET: Her er diplomet for Årets Direktesending.

Foto: NRK

NRK Sogn og Fjordane valde å bryte inn i P1-sendinga og formidle situasjonen til lyttarane.

– Det viser at arbeidet som har vore lagt ned i mange tiår med å vere raskt ute med å dekke denne typen hendingar, har gitt resultat, seier Pedersen og legg til:

– Det er ein kultur som ligg i veggane i heile NRK Sogn og Fjordane, og som alle tilsette lærer seg med ein gong dei går inn dørene.

Du kan høyre utdrag frå den prisvinnande sendinga her:

– Ein fantastisk innsats

Erlend Blaalid Oldeide var programleiar og Eldgrim Fossheim var produsent. Distriktsredaktøren er full av lovord.

– Dei gjorde ein fantastisk innsats. Det er spesielt stas for Eldgrim Fossheim, som no er pensjonist. Det er sannsynleg at det siste han gjer for NRK Sogn og Fjordane er å ta i mot ein slik pris.

Men Pedersen gir også resten av redaksjonen ros.

– Erlend og Eldgrim var på lufta, men det var og eit stort korps bak som jobba for eit godt resultat på lufta, seier han.

Årets direktesending

STOLT: -Eg er svært stolt og audmjuk over å få denne prisen med så mange andre fantastisk dyktige nominerte, seier Erlend Blaalid Oldeide. Her er Oldeide og Fossheim på scena for å ta i mot prisen.

Foto: NRK

– Ein pris for lokaljournalistikken

Programleiar Erlend Blaalid Oldeide seier han er stolt og audmjuk etter å ha fått prisen.

– Men ein heil redaksjon står bak ei sending som dette. Ein redaksjon som ønskjer å vere til stades i kvardagen til folk i fylket, og naturlegvis også på slike ekstraordinære dagar. Ekstra kjekt er det å få dele denne prisen med Eldgrim, som har sitt aller siste oppdrag som tilsett i NRK. Dette sluttar sirkelen for mannen som var fyrst ute i Norge med denne typen ekstrasendingar, seier Oldeide.

– Eg tenker at dette er ein pris som verdset lokaljournalistikk og lokaljournalistar, som kvar einaste dag er til stades i lokalsamfunna vi dekkjer, seier programleiaren.

PS: Silje Ese frå Balestrand vann pris for årets reportasje, i programmet Verdens Rikeste Land.