Hopp til innhold

NRK sendte valsending frå Sogndal

Torsdag ettermiddag og kveld inviterte NRK til direktesendt valsending frå aulaen i den nye vidaregåande skulen i Sogndal.

Valdebatt i Sogndal

PÅ FOSSHAUGANE: Programleiar Gro Ravnestad og panelet under radiodebatten frå aulaen i nye Sogndal vidaregåande skule torsdag ettermiddag.

Foto: NRK

TV-debatt i Sogndal

TV: Programleiar Oddgeir Øystese får siste finpuss før direktesendinga frå Sogndal.

Foto: Steinar Lote / NRK

Maratonsendinga starta med direktesendt helsedebatt i radio og nett-tv frå klokka 16.03 - 17.00 og heldt fram med direktesendt val-fjernsyn i Vestlandsrevyen si sendeflate på NRK1 klokka 18.40 torsdag kveld.

Her inviterer teprogramleiar Oddgeir Øystese politikarar til helsedebatt om samhandlingsreforma.

Sjå valdebatten frå Sogndal om samhandlingsreforma

Bakgrunn:

I april 2010 vedtok Stortinget Samhandlingsreformen. Dette er ei av dei største helsereformene dei siste tiåra. Frå årsskiftet skal kommunane ta over ein del av dei helseoppgåvene som staten har i dag. Dette gjeld spesielt eldre og kronikarar.

Korleis møter kommunane dei nye utfordringane? Det er helsepolitikk som blir tema når NRK inviterer fylkestingskandidatar og publikum til debatt i Sogndal torsdag.

Desse deltok i radio-debatten torsdag ettermiddag:

  • KS-leiar og ordførar, Olav Lunden (Ap)
  • Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap)
  • Fylkesleiar og ordførar i Gulen, Trude Brosvik (Krf)
  • Fylkesleiar Frank Willy Djuvik (Frp)
  • Tredjekandidat Karen Marie Hjelmeseter (Sp)
  • Åttandekandidat Jacob Nødseth (H)
  • Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge
  • Leiar i pensjonistlaget Sogn og Fjordane, Gerd Brekke

Framover blir det også to andre direktesendte debattar i ettermiddagssendingane. Tysdag 30. august går turen til Sandane der tema blir framtida for dei vidaregåande skulane i fylket.

Den 6. september er NRK Sogn og Fjordane på plass i Måløy, der framtida til fylket vårt blir tema.