Hopp til innhold

NRK sender direkte frå Skåla Opp

Førstkommande laurdag går årets versjon av motbakkeløpet Skåla Opp av stabelen i Loen. NRK er på plass og du kan sjå løpet direkte i Nett-TV.

Skaala opp 2012 Sending

SJÅ LØPET I NETT-TV: Årets utgåve av motbakkeløpet Skåla Opp blir sendt direkte i Nett-TV.

Motbakkeløpet Skåla Opp såg dagens lys i 2002 og har no vakse seg så stort at dei no må seie nei til folk som vil vere med i konkurranseklassen. Det er allereie eit halvt år sidan konkurranseklassen til årets løp vart fullbooka, og fleire store stjerner blir å sjå på startstreken på laurdag.

NRK skal sende løpet direkte i Nett-TV og er på plass med tre kamera. Eit i startområde, eit om lag halvvegs og eit på toppen ved Skålatårnet. NRK-reporter Arve Uglum skal kommentere løpet saman med Stig Roger Eide. Eide gav i fjor ut boka «Skåla».

– Skåla Opp er kanskje det mest spektakulære motbakkeløpet i Norge. I tillegg har det vakse til å verte eit av dei største og viktigaste motbakkeløpa. Dette ønskjer vi å gi folk i heile fylket høve til å vere med på, seier redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Roy Raasholm Fauske.

Nesten 1600 på startstreken

I konkurranseklassen er det 800 deltakarar. Konkurranseklassen var fullbooka allereie i mars, noko løpsgeneral Erik Brendefur meinte var nesten for godt til å vere sant.

Blant dei som skal kjempe om premiane er Ahmet Arslan frå Tyrkia. Den tyrkiske motbakkeløparen sette i fjor ny rekord opp den nye stien på Skåla med tida 1.07.38. Aslan har seks gonger vunne den europeiske meisterskapen i fjelløp.

På damesida er mellom anna Angela Mudge, gullvinnar i fjelløp-VM på plass.

Anita Håkenstad Evertsen frå Øystre Slidre har rekordtida for kvinner Skåla Opp med tida 1.20.06 frå 2008. Håkenstad Evertsen er tydeleg i god form etter at ho i helga slo til med ny rekord i motbakkeløpet Fanaråken Opp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sherpaer jobbar med Skålastien i Loen

JOBBAR MED TRAPPA TIL HIMMELS: Stein for stein og meter for meter jobbar seks sherpaer med stien opp til Skålatårnet denne sommaren

Foto: Anne Rudsengen

Bygde sti til toppen i 1891

Skåla Opp startar 28 meter over havet ved Tjugen i Loen, og løparane må deretter ta seg opp til Skålatårnet som ligg på 1848 meter over havet. I starten går løpet på ein skogsbilveg, men deretter går turen over på ein sti som mot toppen som har ei lang historie.

I 1891 bygde nemleg doktor Hans Henrik Gerhard Kloumann eit tårn på toppen av fjellet Skåla. Den tynne lufta her høgt over havet var tenkt å gjere folk med tuberkulose friske. Kloumann var den som la første hand på verket på det som no har blitt ein spektakulær sti til himmels.

Dei seinare åra har det vore hyra inn sherpaer frå Nepal for å reparere og utbetre stien opp til toppen av Skåla. Seinast no i sommar har det vore sherpaer på plass for å bygge stien stein for stein.