Hopp til innhold

Innbyggjarane skal seie sitt om storkommunen

I kveld blir dei første folkemøta i Sunnfjord om kommunereforma arrangert.

Folkemøte Jølster

STORT OPPMØTE: Mykje folk har samla seg for å delta på folkemøtet i Jølster

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Jølster iniviterer ordførar Oddmund Klakegg og rådmann Børge Tvedt i Jølster som inviterer innbyggjarane til å komme.

Her skal mellom anna resultat av innbyggjarundersøkinga vert presentert. Det blir politisk paneldebatt og orientering om prosessen så langt og arbeidet vidare. Det heile vert leia av Rolf Sanne-Gundersen.

– Det vert sjølvsagt rom for at du kan få stille dine spørsmål knytt til reforma. Difor oppmodar eg folk til å både komme og høyre på, men også stille spørsmål, seier rådmann Tvedt.

I kommuneundersøkinga kom det fram at innbyggjarane i Jølster er usamde i synet på om kommunen skal splittast ved ei eventuell kommunesamanslåing .

– Eg håpar på bra engasjement og mykje folk, legg Tvedt til.

Sjå folkemøtet i Borgja på Ålhus direkte i nett-TV frå klokka 19:30.