Hopp til innhold

NRK med direktesendt Luttkonsert frå Breim

For aller første gong sender NRK konsert direkte frå Norsk Countrytreff på Breim. På NRK Countrylutt kan du gle deg til å sjå både etablerte og ferske artistar frå Sogn og Fjordane i ei god blanding.

Alice Kucevic Hugøy

PÅ LUTT-SCENA: Alice Kucevic Hugøy (14) er eit dei musikalske talenta som får vise seg fram under NRK Countrylutt på Breim i Juli.

Foto: Pressefoto

– Dette gler eg meg veldig til! Vi har kjempegode erfaringar frå NRK Sommarlutt, og har i år valt å utvide til enno ein festival. Her kjem du til å få sjå noko av det friskaste, ferskaste og beste vårt vakre fylke har å by på av musikarar innom countrysjangeren, seier Stian Sjursen Takle som er prosjektleiar for konserten.

Han har for tida permisjon frå NRK og er arrangementssjef i Førdefestivalen, men er innleigd av NRK for å produsere NRK Countrylutt.

Gler seg til musikkfest

Det er musikkredaksjonen Lutt i NRK Sogn og Fjordane som står bak konserten i godt samarbeid med Norsk Countrytreff. Programleiar vert Gro Ravnestad, som gler seg stort til å ønskje publikum velkommen til musikalsk fest på Kolbeins saloon inne på festivalområdet.

– På countryfestivalen er det alltid mykje liv og røre og mange kjekke folk. Eg gler meg til å få presentere mange flinke artistar. Håpar mange møter opp og gjev dei ei god oppleving på scena, de får garantert noko tilbake, seier programleiar Gro Ravnestad.

Talentutvikling

Norsk Countrytreff på Breim er også glade for samarbeidet med musikkredaksjonen Lutt i NRK.

– Dette er kjempespennande! Vi får vist fram dei etablerte artistane vi har innan countrysjangeren, og ikkje minst dei nye talenta, i ein eigen konsert. Norsk Countrytreff jobbar aktivt med talentutvikling, og samarbeidet med NRK om Countrylutt er ein flott måte å gje dei ei scene å stå på, seier Kristin Sandal i Norsk Countrytreff.

(Artikkelen held fram under biletet)

Empty Bottles Broken Hearts

Empty Bottles Broken Hearts med Vegard Urne frå Gloppen har fått mykje skryt for konsertane sine og høge treningskast for plata si. I juli er dei på plass for å vise seg fram på verdas første NRK Countrylutt.

Foto: Pressefoto

Unik smakebit frå Blågras

På artistlista står mellom anna Empty Bottles Broken Hearts. Dette er eit spennande band der du mellom anna finn Vegard Urne frå Gloppen.

– Dette er eit kjempespennande orkester som eg første gong såg på Bylarm i Oslo. Dei store avisene har trilla terningkast fem for platene deira, men vel så sterke er dei som liveband. Her er det berre å gle seg til ein fargerik konsert, seier Sjursen Takle.

Han gler seg også til å vise fram ein liten unik smakebit av Blågras, der Sigrid Moldestad samlar spennande artistar innan folkemusikk, roots og country heime på Breim. Saman skapar dei nye uttrykk og ei unik musikalsk oppleving.

Lokal «countrydronning»

Elles er det lagt vekt på å ta med artistar som har vist at dei vil og kan. Gjennom talentkonkurransen til countryfestivalen har blant andre Alice Kucevic Hugøy frå Florø og Anders Førde Midtbø band synt seg fram med sterke prestasjonar. Begge er plukka ut til NRK Countrylutt og får vise seg fram for både festivalpublikum og radiolyttarar.

– Dette er unge artistar vi har følgt i fleire år, som har vist vilje, pågangsmot og ikkje minst eit stort talent under utvikling. Dei har tatt countrysjangeren på alvor og gjort den til sin, fortel prosjektleiar Sjursen Takle. 14 år gamle Alice Kucevic Hugøy har vunne talentkonkurransen til festivalen to år på rad, og er av enkelte omtala som fylket si «countrydronning.»

Det eldste countrybandet

Ein annan ung musikar som skal stå på scena på festivalområdet denne fredagen er Dan Mikal Ripe Frøystad frå Jølster. Han er kanskje mest kjent som ein av medlemmene i Gunslingers. Men på NRK Countrylutt er det han som er stjerna, og bandet har han med for å vise fram sin eigen musikk. Longhorn frå Lærdal er fast inventar på Norsk Countrytreff, dei er fylket sitt eldste countryband og har vore spelt på NRK Sogn og Fjordane hyppig i mange år.

– Vi er utruleg glade for at dei i tillegg til mange andre konsertar under festivalen, også kjem til Countrylutt, seier Stian Sjursen Takle.

Alt kan du høyre på NRK

Heile konserten kan du oppleve i levande live inne på festivalområdet til Norsk Countrytreff fredag 11. juli klokka 15.05.

Men NRK sender også konserten direkte i radio på NRK Sogn og Fjordane og i nett-tv på nrk.no/sf. Der kan du både høyre og sjå countryartistane frå Sogn og Fjordane utfolde seg i ein god time. Det vert også rapportar frå backstage, festivalområde og campingen før og etter konserten.

Dette er artistane på NRK CountryLutt:

  • Blågras
  • Empty Bottles Broken Hearts
  • Longhorn
  • Alice Kucevic Hugøy
  • Dan Mikal Ripe Frøystad
  • Anders Førde Midtbø band