Hopp til innhold

NRK med omreisande reporter i valkampen

Sosiale medium vert stadig viktigare, både for politikarar, media og folk flest. I årets val vil NRK forsøke å vere til stades på fleire plattformer, med emneknaggen #nrkvalg.

Gunnhild Aardal

SKAL FÅ OPP VALINTERESSA PÅ SOSIALE MEDIUM: Reporter Gunnhild Årdal.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Vallogo

Difor har NRK Sogn og Fjordane i lokalvalkampen i år ein eigen reporter for sosiale medium. Gunnhild Årdal skal køyre rundt i fylket med ein eigen valbil. Her skal ho snakke med folk om kva som opptek dei.

– Eg gler meg til å køyre rundt og snakke med folk om val. Målet er at vi skal engasjere, spesielt førstegongsveljarar og andre som kanskje ikkje i utgangspunktet er så politisk interesserte. Den største utfordringa vert nok å få lada bilen! seier Årdal, som skal køyre rundt i ein BMW i3 elbil.

Turen startar med ein tur til miljøkommunen Eid torsdag, så her skal det i alle fall vere lademoglegheiter. Her skal Trine Skei Grande snakke til elevane ved Eid vgs. om kvifor det er viktig at ungdom engasjerer seg.

Eid kommune er ein av 20 kommunar som er med på ei prøveordning med røysterett for 16-åringar.

– Kom gjerne med vidare innspel til kvar vi bør reise og kven vi bør snakke med!

Og det er sjølvsagt mogleg å kome med meiningar direkte. Om du brukar emneknaggen #nrkvalg på Instagram dukkar du automatisk opp på vårt valkart.

Bruk svært gjerne også emneknaggane #nrkval og #nrksf

Og om du er usikker på kva du skal røyste, ta valgomaten for din kommune her.