NRK legg ut på valkampturné i fylket

Valkampen er godt i gang og no legg vi i NRK Sogn og Fjordane ut på valturné i heile fylket.

Programleiarar i NRK Sogn og Fjordane

KLAR FOR TUR: F.v. Stein Jarle Aase, Solveig Svarstad, Tone Merete Lillesvangstu, Stian Sjursen Takle, Tone Lin Støfring Skovro og Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Alle kommunane i fylket vil få besøk av oss i løpet av dei neste vekene fram mot valet 9. september. Første stopp blir i Askvoll tysdag morgon, medan Høyanger får besøk tysdag ettermiddag.

– Vi har lyst å vere ute å høyre kva det er folk engasjerer seg i og kva dei bryr seg om, seier Stian Sjursen Takle, som er ein av dei som skal ut på vegen.

Han peikar på at vi som bur her i fylket er ganske like på mange område, men at vi også er ulike når det kjem til kva slags saker vi engasjerer oss i.

– Vi håpar å kunne syne fram det ekte engasjementet, det som betyr noko for folk, seier Sjursen Takle.

Programleiarane og reporterane som no skal ut på turné oppmodar alle om å kome med innspel til kva tema som bør takast opp.

– Fortel oss kva som er viktig på den plassen du bur, seier Tone Merete Lillesvangstu.

Slik blir turneen vår rundt om i Sogn og Fjordane:

(klikk på lenkene for å sende e-post med innspel!)

Tysdag 20. august:

Askvoll (morgonsendinga)

Høyanger (Direktesending frå Coop Høyanger frå kl. 14 til kl. 17)

Onsdag 21. august:

Hyllestad (morgonsendinga)

Vik (dagsendinga)

Torsdag 22. august:

Solund (morgonsendinga)

Kinn (dagsendinga)

Tysdag 27. august:

Sogndal (morgonsendinga)

Årdal (dagsendinga)

Onsdag 28. august:

Stryn (morgonsendinga)

Lærdal (dagsendinga)

Torsdag 29. august:

Flåm (morgon- og dagsendinga)

Måndag 2. september:

Gulen (dagsendinga)

Tysdag 3. september:

Fjaler (morgonsendinga)

Stad (dagsendinga)

Onsdag 4. september:

Bremanger (morgonsendinga)

Luster (dagsendinga)

Torsdag 5. september:

Sunnfjord (morgonsendinga)

Gloppen (dagsendinga)