NRK Meny
Normal

NRK inviterer til vestlandsk julegalla

Morten Abel, Jan Toft og Fargespill er blant artistane frå Vestlandet gjer seg no klare for å lage NRK TV sin store julekonsert i Grieghallen. Målet er å lage julestemning for heile landet.

Vestlandsk julegalla

JULEGALLA: Morten Abel, Fargespill, Jan Toft, Sigrid Moldestad og Claudia Scott er blant artistane på NRK sin store julegalla i Grieghallen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Storsalen i Grieghallen skal fyllast 10. desember for å lage julestemning for alle i heile landet.

På scena kjem Morten Abel, Fargespill, Claudia Scott, Jan Toft frå Vamp, Sigrid Moldestad, Iselin Solheim, Razika, Hilde Selvikvåg, Olav Stedje, Egil Eldøen, Sigrid Moldestad, Christine Sandtorv, Hanne Sørvaag, Randi Tytingvåg og Britt Synnøve Johansen.

Det er aller første gong at NRK-avdelingane på Vestlandet går saman om ei slik musikalsk storsatsing. Saman inviterer dei kjende artistar, men også nye talentfulle namn til Grieghallen.

Claudia Scott

OPPTRER: Claudia Scott.

Første gong

Fleire av artistane skal synge saman for aller første gong. Voksne herrers orkester skal vere husband.

Morten Abel

OPPTRER: Morten Abel.

– Målet vårt er å skape god julestemning for alle. Det å sjå ungar frå alle moglege nasjonar synge og danse saman, å høyre tekstar som utfordrar oss til å bry oss, det å få ei tåre trillande nedover kinnet og latter til å fylle oss med varme og håp. Alt dette blandar vi saman i ein herleg konsert, seier prosjektleiar i NRK, Stian Sjursen Takle.

Ønsker å skape magi

Julekonsert i Grieghallen 2016

KJEM: Sigrid Moldestad.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Arrangørane er veldig forsiktig med å røpe for mykje av innhaldet, men fortel at Morten Abel truleg kjem til å urframføre si nye nyttårslåt. Det same skal Jan Toft og trioen Sørvaag, Tytingvåg og Johansen.

For første gong syng Olav Stedje, Egil Eldøen og Claudia Scott saman på «Det lyser i stille grender».

Tokvam og Moldestad leiar showet

Programleiarar for den store julegallaen er humorist og programleiar i PILS, Finn Tokvam, og musikar Sigrid Moldestad som mange har blitt kjent med frå scena på Den Nationale Scene i Bergen det siste året.

Begge er veldig glade i jula, og dei gler seg til å leie den varierte musikkfesten i Grieghallen.

Julekonsert i Grieghallen 2016

Stor TV-produksjon

Julekonsert i Grieghallen 2016

LAGAR FEST: «Fargespill» er eit prosjekt med om lag 80 born frå nesten like mange nasjonar. Morten Abel og Jan Toft i Vamp skal opptre med dei.

Foto: Helge Hansen

Konserten skal også bli TV-underhaldning for resten av landet. Den blir sendt i beste TV-sendetid på NRK1 1. juledag. Konserten blir også sendt på Norges største radiokanal NRK P1 i romjula.

For å gi alle ein smak av Vestlandet, spanderer også Kokkenes meisterlaug lokale smakebitar i foajeen før konserten.

Julekonsert i Grieghallen 2016

ARRANGØRAR: F.v. Einar Espeland, prosjektleiar Stian Sjursen Takle og Aleksander Vallestad.

Foto: Erling Johnsen

Det å skape noko så stort med så mange musikarar involvert er krevjande, men NRK-teamet har med seg fleire samarbeidspartnarar som Gloppen musikkforum – Glopperock som teknisk arrangør og Sparebanken Vest som sponsor.

– Vi skal i alle fall gjere alt vi kan for at alle skal få ein kveld dei seint vil gløyme, lovar prosjektleiar Sjursen Takle.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.