Hopp til innhold

NRK-humorist kjøpte bjørnekjøtet

Etter ein time på overtid i bodrunden gjekk 90 kilo bjørnekjøt frå Fjærland for 46.800 kroner.

- Kiloprisen for bjørnekjøtet vart til slutt 520 kroner, og det må eg seie er veldig bra, seier Hermund Mjelstad, som er viltforvaltar hjå Fylkesmannen og som var auksjonarius for bjørnekjøtet.

Les og: Bjørn til bryllaupsmat?

Les og diskuter: Bjørnen er skoten

I mål ein time på overtid

Etter nesten ein time på overtid var bodrunden omsider over, med ein kilopris langt over det Mjelstad hadde rekna med.

- Eg tenkte me sikkert kom til å hamna på rundt 300 kroner kiloet. 520 er jo litt meir, seier Mjelstad.

Det var NRK-humorist Ole Johannes Øvretveit som til slutt fekk kloa i bjørnekjøtet.

- Eg skal bruka det til eit bryggekurs eg skal halda til hausten. Så kan dei som drikk øl, få bjørnekjøt attåt, forklarar Øvretveit.

Første sidan 1956

Bjørnen som vart skoten i Fjærland på søndag er den første i Sogn og Fjordane sidan 1956, og Mjelstad trur det er forklaringa på den høge temperaturen i bodrunden. Ein tilsvarande auksjon i Oppland nyleg enda på 210 kroner kiloen. Vanleg pris på slike auksjonar har vore på rundt 150 kroner.

- Det er eit spesielt tilfelle, dette her. Det er nok slik at folk ser verdien av at den er skoten i Sogn og Fjordane og at det gir ein ekstra marknadsverdi, seier Mjelstad.

Bjørnen er skoten
Foto: Steinar Lote / NRK

Lokal interesse

Dei fleste som bydde på dei 90 kiloa med bjørnekjøt er frå Sogn og Fjordane.

- Det har vore eit par interessentar utanfrå, men dei ser ut til å ha gitt seg. Så det er nok folk her i fylket som er mest interessert, og det er vel naturleg.

Bjørneskrott

Bjørnen då den vart slakta i Jølster.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Pengane går til viltfond

Og kjøtet hamna altså i lokale hender, hjå Øvretveit på Sande.

- Det var jo kjekt at det hamna her i fylket, men det var ikkje noko kriterium. Det viktigaste for oss var å få mest mogleg pengar for det, seier Mjelstad.

Dei går til det statlege viltfondet.

- Fondet er statleg, men ein stor del av pengane går uansett til fylket. Me skal jo mellom anna trekkja frå utgiftene med å henta kjøtet ned frå breen, seier Mjelstad.

Over 50.000 kroner

Sjølv om kjøtprisen hamna totalt på 46.800 kroner, må Øvretveit ut med endå meir.

- Ja, med henting har eg rekna ut at det vert 51.000 kroner, seier han.

- Kva seier kona til det?

- Ho syns det er ein god ide.

No lovar Øvretveit å invitera jaktlaget på bjørnebiff.