Hopp til innhold

Vi spanderer svele og god radio frå ferja

Fredag morgon flyttar NRK Sogn og Fjordane like godt radiostudio til ei av ferjene som kryssar Sognefjorden. – Vi spanderer svele og serverer tre timar god morgonstemning frå bilferja «MF Oppedal», seier programleiar Stian Sjursen Takle.

Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro

DIREKTE: Stian Sjursen Takle (t.v.) og Tone Lin Støfring Skovro er NRK sine morgonvertar på «MF Oppedal».

Foto: NRK SOGN OG FJORDANE / NRK

  • Høyr sendinga i vår nettspelar, nederst i saka.

Saman med kollega Tone Lin Støfring Skovro pakkar Sjursen Takle mikrofonar og miksebord og set kursen mot ytre Sogn fredag morgon. Då sender NRK Sogn og Fjordane heile morgonsendinga frå den eine av dei tre ferjene som kryssar fjorden mellom Lavik og Oppedal på E39.

Gratis sveler

Sjursen Takle lovar god stemning, hyggjelege gjester og gratis sveler på reisande som kjem innom studio om bord i ferja.

– Alle har eit forhold til ferjene. Vi bur i eit fylke med nokre av verdas vakraste ferjereiser, og vi besøker ein av desse fredag morgon, reklamerer han.

Målet til Sjursen Takle og Støfring Skovro er ikkje berre å skape god stemning. Dei ønskjer også å gi lyttarane eit innblikk i livet om bord i ei ferje.

– Ferjene er ein stor arbeidsplass og vi skal sjølvsagt snakke med mannskapet, fortel dei to.

Ny i fredagspanelet

Dei har og med seg gjester frå næringslivet i Lavik og ikkje mindre enn ein kar som er ekspert på ferjeinteriør. I tillegg lokkar Sjursen Takle med at kollegaen skal få oppfylt draumen om å vere ferjebillettør.

Også fredagspanelet vil gå direkte frå bilferja «Oppedal» denne morgonen. Då debuterer nemleg Monica Sunde Tjønnås som ein av paneldeltakarane, direkte frå sin eigen arbeidsplass, der ho jobbar i kiosken.

– Sunde Tjønnås er ny i fredagspanelet og vil framover vere ein av dei faste deltakarane, seier Sjursen Takle.

Jaktar gode ferjeminner

Han fortel elles at sendingane vil innehalde dei faste programpostane, nyheiter og mykje god musikk.

Støfring Skovro og Sjursen Takle oppmodar alle som har ei god historie eller eit minne frå ein ferjetur om å dele den med lyttarane via SMS (kodeord SF til 1987) eller via e-post: sf@nrk.no

Nyhende og aktualitet

Her kan du høyre heile sendinga, direkte frå klokka 06.03.