NRK Meny
Normal

NRK fekk medhald i klage mot fylkeskommunen

Fylkesrådmann Tore Eriksen vedgår no at det var feil å lukke eit orienteringsmøte for politikarane 23. oktober i fjor om den framtidig skulestrukturen i Sogn og Fjordane.

Tore Eriksen

VEDGÅR FEIL: Fylkesrådmann Tore Eriksen seier møtet skulle vore haldne for opne dører.

Foto: Oskar Andersen

Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen i NRK Sogn og Fjordane klaga på at medlemene i planutvalet og hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune, fekk ei førebels orientering om rapporten for den framtidige skulestrukturen i fylket, på eit lukka orienteringsmøte tysdag 23. oktober klokka 09.30.

Innhaldet i rapporten vart kjent på ein pressekonferanse klokka 12.00 same dag, men NRK meinte fylkeskommunen ikkje hadde høve til å lukke orienteringa til politikarane. Dessutan gav ikkje fylkeskommunen nokon heimel for å lukke orienteringsmøtet.

Vurdert på nytt

Fylkesrådmann Tore Eriksen har vurdert saka på nytt med bakgrunn i klagen og signal frå kommunal- og regionaldepartementet og Sivilombodsmannen.

«Etter denne fornya gjennomgangen av saka er fylkesrådmannen såleis samd med klagar i at orienteringsmøtet i realiteten var eit møte i folkevalde organ, og skulle vore halde for opne dører», skriv Tore Eriksen.

Nøgd klagar

– Vi meiner eit møte med planutvalet og hovudutvalet er eit møte etter kommunelovas bestemmelser, og eg er veldig tilfreds med at vi fekk medhald i vår klage, seier distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen.

– I ei så stor og viktig sak for heile fylket er det særdeles viktig at vi har fokus på ein open og god dialog mellom politikarane i det opne rom, seier Sanne-Gundersen.

Bakgrunn for saka

Bakgrunnen for saka var at Norconsult laga ein rapport om den framtidige skulestrukturen i Sogn og Fjordane. Rapporten var bestilt av fylkeskommunen ved politisk og administrativ leiing. Rapporten vart lagt fram 23. oktober i fjor, og altså offentleggjort på ein pressekonferanse i Førde klokka 12.00.

Same dag vart politikarane i hovudutvalet og planutvalet invitert til eit orienteringsmøte klokka 09.30 om innhaldet i rapporten. Møtet var lukka, og det låg ikkje føre ei sakliste.