NRK Meny
Normal

NRK etterlyser reinsdyr-film

Har du eller veit du om gamal film av reinsdyr i Sogn og Fjordane?

Reinsdyr på Olahansen i Jølster

REINSDYR: Her er ein flokk på fjellet Olahansen i Jølster.

Foto: Jan Benkholt / NRK

Harald Kolseth

Harald Kolseth er ansvarleg for Uti naturen programmet om reinsdyr.

Foto: Johan Moen / NRK

NRK lagar eit TV-program om reinsdyr i fjordfylket, men treng meir gamal film og bilete av reinsdyr og utsetjing av reinsdyr.

– Naturprogrammet vil bli styrka mykje om det kjem inn meir gamal film av reinsdyr i Sogn og Fjordane, seier programansvarleg Harald Kolseth.

På 1960-og 1970-talet blei det sett ut tamrein i både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dette er reinsdyr som seinare blei til villrein.

Mellom anna blei det sett ut fleire lastebillass med reinsdyr på Langeland ved Førde i 1970.

Har du bilete eller film/video, så ønskjer vi at du tek kontakt med NRK Sogn og Fjordane på telefon 57 72 42 42. Du kan også sende ein epost til: sf@nrk.no

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser