Hopp til innhold

NRK beklager

NRK Sogn og Fjordane skreiv 9. februar 2010 at biskop Halvor Nordhaug refsa prestarsom vil velsigne og gå i forbøn for lesbiske og homofile par.

NRK Sogn og Fjordane skreiv 9. februar 2010 at biskop Halvor Nordhaug refsa prestar som vil velsigne og gå i forbøn for lesbiske og homofile par. Det er ikkje korrekt.

Det er heller ikkje dekning for å seie at han mislikar sterkt at tre prestar i Sogn og Fjordane vil velsigne og gå i forbøn for lesbiske og homofile par.

Det korrekte er at han er usamd, men respekterer haldninga til prestane.

Nordhaug sa i tillegg at han vil bli informert av prestane om slike handlingar på førehand.