Hopp til innhold

Novembersola skjuler seg over tjukk tåke

Eit kraftig høgtrykk har ført med seg tung tåke som har lagt seg som eit lok over fjordar og dalar i Sør-Noreg dei siste dagane. Mykje må klaffe for at du skal få sjå sola.

Skodde i Jølster

JØLSTER: Over tåka er himmelen blå.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Fleire stader i Sør-Noreg har tåke, men det er store lokale forskjellar. Dette er veldig typisk for denne årstida, seier statsmeteorolog Kristin Seter.

For når finvêret kjem med høgtrykk om hausten, er det slettes ikkje uvanleg at tåke er ei bivirkning.

– Tåka kjem når høgtrykket kjølar ned lufta. Og når det så lite vind, blir den ikkje transport vekk når den først har danna seg. I tillegg har ikkje sola nok futt til å brenne opp tåka, som den gjer ganske så effektivt om sommaren, forklarer Seter.

Difor kan det da endå nokre dagar før tåka vil lette, og den kan også dukke opp nye stader.

– Tåka kan vise seg å bli standhaftig. Det er ikkje sikkert ein dag er nok for at sola skal klare å ta tåka.

Skodde over Fjellkårstad, Stryn

STRYN: Her ligg tåka tjukk over Fjellkårstad i Stryn.

Foto: Arve Einar Fjellkårstad

Over heile Sør-Noreg

Tåka har lagt seg langt innover i fjordane i både Hordaland og Rogaland, på Agderkysten og i dalstrøk på Austlandet. I tillegg er det mykje skyer både i Trøndelag og nord i Møre og Romsdal.

Skodde i Jølster, på Vassenden

GRÅTT: I tåka er det grått og lite å sjå.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Det er spesielt nedi dalar og fjordar at tåka legg seg, og det er ingen endringar i vente. Det vil halde fram med høgtrykk og lokal tåke i dagane framover, seier Seter.

Som eit varmeteppe

Kor tjukk tåka er, varierer frå stad til stad. Nokre plassar er skyfrie heilt ned til fjøra, medan andre plassar må ein nokre hundre meter opp for å sjå sol og klar himmel. Og der er det kaldare.

– På denne tida av året er det ofte kaldare over tåka og i dei område som ikkje har tåke. Den ligg som eit slags teppe over jorda, og hindrar at varma frå jorda går ut i verdsrommet.

Laster Twitter-innhold