Hopp til innhold

Notidas rallarar bygger opp att turistmagneten

Flåmsbana, som vart bygd med hammar, spett og handmakt i mellomkrigstida, vart øydelagd for nær ti millionar kroner under vestlandsflaumen. Dagens rallarar tek i bruk meir moderne hjelpemiddel.

Flåmsbana

GRUSVEG: Det som i dag ser ut som ein grusveg etter flaumen sine herjingar, skal etter dagens rallarar er ferdige igjen vere skinnegang gjennom Melhus tunnel.

Foto: Silje Guddal / NRK

Leiaren for gjenreisinga, som berre i dag tok i mot 120 løft med betong frå to helikopter, tykkjer jobben rallarane gjorde er ufatteleg.

– Dei gjorde ein fantastisk jobb. Det er heilt utruleg når du kjem nær plassane dei var. Tenk på utstyret dei hadde den gongen. Me kjem med klatreselar, tog og tunge maskiner. Rallarane var eit one-of-a-kind folk, seier Jon Herman Rivenes.

Bygginga av Flåmsbana starta i 1923. I starten arbeidde det 120 mann på anlegget, men arbeidsstyrken kom opp i 400–500 mann på det meste. Arbeidarane budde i tre brakker, og bygde dei 20 tunnelane på i alt 5,7 kilometer for hand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flåmsbana

BOM STOPP: Her kom elva inn og vaska vekk både skinner og fundament gjennom Melhus tunnel og lenger opp på andre sida.

Foto: Silje Guddal / NRK

Heilt avhengige av godt flyvêr

Flåmsbana opna i 1940. Bana fekk store skader under flaumen for to veker sidan. Verst er skadane ved Melhus tunnel der 250 meter av skinnene, pukken og fundamentet vart vaska vekk.

NRK vart med prosjektleiar Jon Herman Rivenes i Jernbaneverket inn i Flåmsdalen. Arbeidsplassen ligg svært vanskeleg til for dagens rallarar.

– Det er eit omfattande arbeid. Vegane er smale og toler lite vekt, difor flyr me betongen heilt inn. Me får berre håpe vêret er med oss, at flyvêret held seg, for det er avgjerande for at me skal kome i mål her, seier Rivenes.

Jon Herman Rivenes

RALLARSJEF: Prosjektleiar for notidas rallarar, Jon Hermann Rivenes.

Foto: Silje Guddal / NRK

«Her» er cirka midt mellom Flåm og Myrdal stasjon, 500 meter over havet. Her reiste over 700.000 turistar i fjor. Her skal dei bygge opp att sporet og få på plass skinnegangen.

– Første dagen kom me til fots nedanfrå. Øydeleggingane var triste med jernbaneauge. Elva gjekk gjennom tunnelen og tok med seg heile infrastrukturen og gjekk ned att i elveløpet på oppsida. Vassmengdene var enorme, og øydeleggingane er deretter. Til og med Flåmsbana måtte gje tapt.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Eit av dei fremste turistmåla i Noreg, Flåmsbana, fekk store øydeleggingar under flaumen. No vert den populære attraksjonen reparert på ein noko spesiell måte.

Håpar på opning mot neste helg

Eit stort antal forskalingssnikkarar maskinkøyrarar, anleggsarbeidarar innan alle fag står på i 12 timars skift. Gravemaskinar, dumparar og hjullastarar går for fully.

Fire mann står og tek i mot betonglass etter betonglass etter betonglass. Dei jobbar 12 timars skift, og har no byrja å fylle tunnelen med pukk og masse.

Pukken kjem frå Hol med svære godstog og vert lossa på Myrdal og frakta vidare. Arbeidet går for fullt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flåmsbana

STOPP: Medan arbeidet går for fullt, står Flåmsbana i ro. Dei hadde venta mellom 3500 og 4000 passasjerar i november.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ein halv meter over grunnen lyser det med oransje skrift: «Top skinne».

– Det er høgda på skinnegangen når me er ferdige og bygge opp att her. Me må få ei stabil og god bane. Alle som har vore involvert så langt har gjort ein kjempejobb og ein fantastisk innsats. All ære til alle som står på og vil gjere det til toga går att, seier Rivenes, som ikkje kan love kva tid bana vil opne att.

– Det er vanskeleg å seie akkurat no. Men me er mange som jobbar på, og me har mange reisande. I slutten av neste veke og inn mot neste helg må det heilt klart nærme seg noko, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flåmsbana

TURISTMAGNETEN: Dekka av gjørme og slam også her ved stasjonen. Store reparasjonar og mykje opprydding står att, men dei håpar på opning om ei vekes tid.

Foto: Silje Guddal / NRK

Over ein mur på 8–10 meter

Arbeidsformann Per Ove Himle har vore på arbeid på Flåmsbana i over ei veke.

Per Ove Himle

RALLARFORMANN: Per Ove Himle, arbeidsformann i Spilde entreprenør AS.

Foto: Silje Guddal / NRK

Han og kollegaene i Spilde entreprenør AS jobbar 12 timars skift for å få den populære turistattraksjonen på skinne igjen. Elva skal ha gått over ein mur på 8–10 meter, fortel han.

– Eg såg det ikkje, men dei som var kjente her seier at det var så høgt. Det var store krefter i sving. Det såg ikkje fint ut då me kom hit, seier Himle.

Han seier arbeidet går etter planen.

– Me ligg bra an etter prognosane.