Hopp til innhold

Norway Pelagic flyttar hovudkontoret frå Måløy til Ålesund

Landets største selskap innan sild og makrell flyttar hovudkontoret sitt ut av Sogn og Fjordane.

Norway Pelagic Måløy

FLYTTAR: Norway Pelagic, som har 600 tilsette, flyttar hovudkontoret sitt frå Måløy.

Verksemda som har 600 tilsette og som i 2009 var Sogn og Fjordane sitt største selskap vil no konsentrere utviklinga si på Sunnmøre.

Fleire hensyn

Gunnar Domstein

DIREKTØR: Gunnar Domstein i Norway Pelagic.

Administrerande direktør Gunnar Domstein gav dei tilsette meldinga i dag tidleg. Han seier det er fleire årsaker til flyttinga.

– Det er gjort ut frå omsynet til effektivitet, kompetanse, rekruttering og for å skape eit miljø, seier Domstein.

Flaggskipet i norsk sild- og makrellnæring, Norway Pelagic, vil ikkje lengar ha hovudsete i Måløy. No er det Ålesund som vert adressa.

Etter skipinga i 2007 har verksemda hatt salskontor i Ålesund og hovudadministrasjoni Måløy i tillegg til 16 fabrikkar langs kysten.

Dei tilsette kan bli flytta

Det er ti tilsette som no kan verte flytta til kontoret i Ålesund, men først skal selskapet ha ein prosess fram mot hausten for å vurdere både omfang og tidsramme.

– Det som står att å sjå, er kor hensiktsmessig det er å flytte kontoret. Dette skal vi jobbe med framover det neste halvåret, seier Domstein.

– Korleis er det for dei tilsette å få denne beskjeden?

– Dei tilsette tykkjer dette er å setje seg sjølve litt på oppseiing, sjølvsagt.

Forretning framfor patriotisme

I fiskeribyen Måløy er sild og makrell sjølve berebjelken. No flyttar landets viktigaste selskap innan bransjen ut.

Domstein vedgår at det ikkje kan sjåast på som eit framsteg lokalt, men meiner forretningsmessige omsyn må gjelde og ikkje dei patriotiske.

– Ikkje overraska

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy

Vågsøy-ordføraren ikkje overraska.

Foto: Håkon Eltvik / NRK

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy seier det ikkje var overraskande for han at Norway Pelagic vil flytte hovudkontoret til Ålesund. Men etter ei tid med store omstillingar var det ikkje dette han hadde ynskt seg mest.

– Det er ei trasig sak for Vågsøy. Vi er faktisk opptekne av å auke aktiviteten, så når arbeidsplassar forsvinn ut av kommunen så er det negativt. Samstundes er det slikt som skjer når bedrifter skal effektivisere.

– Vi har vore gjennom ein periode med nedgang i folketalet, og no var vi i ferd med å snu utviklinga, og då er det ikkje hyggeleg å miste arbeidsplassar.