Norsun vil utvide i Årdal

Solcelleverksemda Norsun ynskjer å doble produksjonskapasiteten og vil utvide fabrikken på Årdalstangen, skriv Sogn Avis. Fabrikksjef Steinar Talle (biletet) seier til avisa at det er veldig stor etterspurnad etter produkta deira. Det er 215 tilsette ved fabrikken i Årdal dag, og dette talet kjem til å bli auka ein god del, seier Talle.

Steinar Talle
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK