Hopp til innhold

No skal dobbelt så mange slike wafers ut i verda

FØRDE (NRK): Etterspurnaden etter syltynne silisiumskiver frå Norsun i Årdal er enorm. I dag fekk fabrikksjefen 20 millionar kroner i draghjelp for å kunne doble produksjonen.

Frå venstre Halvor Flatland, Steinar Talle og Anita Krohn Traaseth

TEK VERDA MED STORM: Med denne syltynne silisiumskiva tek industribedrifta Norsun i Årdal verda med storm. Her viser fabrikksjef Steinar Talle (i midten) fram produktet sitt til direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland og administrerande direktør i Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Dette er kjempespennande, seier ein oppglødd fabrikksjef Steinar Talle ved Norsun i Årdal.

Han trudde han skulle på ein bedriftspresentasjon hos hovudstyret i Innovasjon Norge i Førde. I staden fekk han beskjed om at bedrifta hans får 20 millionar kroner i lån.

Det er viktige kroner når dei no skal vekse seg endå større og sterkare i den internasjonale solcellemarknaden.

– Det er ei kjempegod nyheit, og vi er veldig, veldig glade, seier Talle.

– Dette er kjempeviktig

Norsun i Årdal har over lengre tid opplevd store etterspurnad etter produkta sine, dei syltynne silisiumskivene, såkalla wafers, som produsentane av solcellepanel treng. Både Panasonic og LG står allereie på kundelista.

Ifølgje Talle er etterspurnaden no så stor at dei kunne ha selt ut alt dei har på fabrikken to gonger. Dei tilsette vart tidlegare i haust varsla om planane om å doble produksjonskapasiteten i løpet av dei neste åra.

Blir det ein realitet kan det bli snakk om mellom 80 og 100 nye arbeidsplassar i den vesle industrikommunen i Sogn. Lånet på 20 millionar kroner frå Innovasjon Norge gjer at fabrikksjefen no ser endå lysare på framtida.

– Dette er kjempeviktig. No kan vi halde fram med den teknologiske utviklinga som vi allereie er starta på saman med kundane.

Norsun - produksjonshall

RÅSTOFFET PÅ VEG: Ein tilsett trillar inn råstoffet, som skal støypast til ein lang sylinder på ein av arbeidsstasjonane. Seinare blir sylindrane skorne til, slik at dei blir firkanta, og deretter saga opp til svært tynne skiver.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Veldig fortent

Direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland, kunne nesten ikkje få skrytt nok av sognebedrifta og planane deira.

– Dette er ei bedrift som er framoverlent. Dei gjer dei rette tinga, dei utviklar seg i takt med marknaden og har eit produkt som verda spør etter. I tillegg har dei eit produkt, og ein måte å gjere dette på, som er i teten på verdsbasis.

Også administrerande direktør i Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth, meiner millionlånet er meir enn fortent.

– Vi er opptekne av å halde på norsk solcelleindustri. Dette er ein industri som er kunnskapsintensiv, kapitalintensiv og arbeidsplassintensiv. I tillegg kan waferane som Norsun lagar bevise at dei har verdas lågaste karbonavtrykk, og bedrifta har hundre prosent eksportfokus. Så vi kunne merke av i mange boksar då styret skulle ta avgjerda om å gje dei lånet.