Hopp til innhold

Norskopplæring har fått flyktningane ut i arbeidslivet

FØRDE (NRK): Fleire av flyktningane som går på norsksenteret i Førde har no fått seg arbeidspraksis.

Sbarta Iylio

JOBBAR I VITA EXCLUSIVE I FØRDE: Sbarta Iylio har funne ein jobb ho trivs godt med.

Foto: Pakwipa Rattananed / NRK

Sbarta Iylio

VIL BLI BETRE I SPRÅKET: Sbarta Iylio syng i koret og går på internasjonal kafe for å bli kjent med andre og å øve språket.

Foto: Pakwipa Rattananed / NRK

– Eg vil ha jobb, men det er veldig vanskeleg å få. Difor snakka eg med kontaktpersonen min om arbeidspraksis. Eg venta ein stund, så fekk eg arbeidspraksis i ein butikk to dagar i veka. Eg vil gjerne få jobb i denne butikken etter eg er ferdig med praksis, for eg likar godt å jobbe der. Eg likar sminke, fargar og å prate med kundar, seier Sbarta Iylio.

Ho er 24 år og er frå Qamishli i Syria. Der jobba ho som frisør, negledesigner, makeupartist og to år med å lage krone til tennene. No har ho fått arbeidspraksis i ein butikk.

Tidlegare syntest ho at det var vanskeleg å snakke med andre.

– Eg kunne ikkje snakke norsk, men nordmenn er veldig snille med meg og familien min. Eg går på skulen for å lære språket, og då begynte eg å snakke norsk med andre. Eg syng i internasjonalt kor og går på internasjonal kafe for å bli kjent med andre og for å øve på språket, seier ho.

Vanskeleg med språket

Marwa Abo Absen er 26 år og er frå Damascus i Syria. Etter at ho var ferdig med vidaregåande i heimlandet, gifta ho seg. Ho var husmor. No bur ho åleine i Vassenden med dottera si.

Marwa Abo Absen

HÅPER Å FÅ JOBB: Marwa fekk arbeidspraksis sjølv. No må ho fokusere med å lære norsk, få jobb og ta førekort.

Foto: Pakwipa Rattananed / NRK

– Eg kom til Norge i 2015. I byrjinga var det veldig vanskeleg for meg, men det gjekk greitt med dottera mi. Det var ikkje lett med språket når eg måtte snakke med nordmenn.

Ho ordna seg arbeidspraksis sjølv hos ein frisør i Førde. Ho håper å få fast jobb der.

– Eg gjekk til frisørsalongen og spurde dei om å jobbe der. Eg venta cirka seks månadar så fekk eg arbeidspraksis her. Eg jobbar der ein dag i veke i to månadar.

– No er livet mitt betre enn før og eg må fokusere på å lære språk, få jobb og ta førarkort, seier ho.

Marwa Abo Absen

FRISØR: Marwa Abo Absen i aksjon som frisør.

Foto: Pakwipa Rattananed / NRK