Norske vassmagasin er rekordfulle

– Førebels ser det bra ut for straumkundane, seier prosjektingeniør Kjell Johnny Kvamme i Sunnfjord Energi.

Prosjektingeniør Kjell Johnny Kvamme i Sunnfjord Energi

FULLT: Det dårlege veret fører til fulle vasskraftmagasin. – I både heile Norge og på Vestlandet, har vi høg fyllingsgrad, konstaterer prosjektingeniør i Sunnfjord Energi, Kjell Johnny Kvamme.

Foto: Åge André Breivik / NRK

For allereie før hauststormsesongen er i gong, er fyllingsgraden i norske vassmagasin mellom dei høgaste det har vore sidan kraftmarknaden vart sleppt fri for vel 20 år sidan.

Det dårlege vêret så lang i år, er altså ikkje berre gale.

– Det vi har sett siste veka spesielt, er at det er fullt i overføringskapasiteten på linjenettet som gjer at vi til tider må stogge enkelte verk og sleppe vatnet forbi, seier Kjell Johnny Kvamme.

– Ser bra ut

Kvamme er prosjektingeniør hos Sunnfjord Energi, og kan konstatere høg fyllingsgrad i heile Norge. Fulle magasin gir låg pris, men ein tørr haust og vinter kan endre på det.

Prosjektingeniøren konstaterer likevel at det førebels ser bra ut for straumkundane.

– Vi ventar at prisane vil halde seg låge ei god stund framover. Blir det ein mild og veldig våt haust og tidleg vinter, så vil prisane halde seg låge, seier Kvamme.

Ingen garanti

Kraftverka får ikkje foredla all nedbøren og går dermed glipp av potensielle inntekter. Enkelte magasin må sleppe vatnet over kanten.

Tal frå Noregs Vassdrags- og Energidirektorat viser at norske vasskraftmagasin no har vel 73.000 GWh i sine lager. I løpet av eitt år treng norske forbrukarar kring 120.000 GWh. Vêret framover blir altså viktig for utviklinga av kraftprisen.

– Blir det tørt i vêret, så går forbruket opp samstundes som at produksjonen gjerne går ned. Då stig prisane, seier Kvamme og ikkje vil gje noko garanti for låge straumprisar i vinter.