Hopp til innhold

Norske skular investerer hundrevis av millionar i nettbrett – men vil ha papirbøker i tillegg

FLORØ (NRK): Stadig fleire skular vel å erstatte både blyant, skrivebok og lesebok med eit nettbrett. Etter ei tid syner det seg likevel at lesebøkene på papir er så populære at dei kjem tilbake.

Siver Orheim brukar ipad i undervisninga

IPAD: Ved Florø Ungdomsskule har elevane nytta Ipad som houvdverktøy i skulekvardagen i fleire år allereie.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg tykkjer Ipad fungerer bra i undervisninga, for det er mykje enklare å bruke enn bøker og papir, seier Sivert Orheim ved Florø ungdomsskule.

På denne skulen har nettbrett vore hovudverktøyet i læringa sidan 2014. Dei fleste elevane NRK pratar med er samde med Sivert i at det fungerer bra. Vi beit oss likevel merke i at han sat og såg på Liverpool spele fotballkamp medan læraren gjekk igjennom algebra i plenum.

– Det er ikkje alltid det som føregår framme med tavla er så spennande, seier han svarskuldig.

Lærar Vibecke Endestad seier at det slettes ikkje er første gongen nokon sit og ser på Youtube medan ho underviser. Elles meiner ho at nettbrett fungerer ganske bra i kvardagen.

Likevel sit alle elevane i klassen hennar med lesebøker ved sidan av nettbretta.

– Det er jo ikkje så lett å skrive og lese på den same skjermen samstundes, og lesebøkene er veldig gode å lese i. Vi har difor skulebøker i alle fag, og så fungerer Ipaden som skriveverktøy i tillegg, seier Endestad.

Elevar ved Florø Ungdomsskule brukar Ipad i undervisninga

LIKAR DET: Elevane ved Florø ungdomsskule likar å bruke nettbrett i skulekvardagen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Folk likar best å lese på papir

Forskar Anne-Britt Gran ved Handelshøyskolen BI i Oslo er ikkje overraska over at elevane ved Florø ungdomsskule likar betre å lese i papirbøker enn på nettbrett.

– Det vi ser ifrå forskinga som vi har utført, er at folk i alle aldersgrupper likar betre å lese på papir enn på skjerm. Det gjeld ikkje berre dei eldre, også i aldersgruppa 15–19 er det til dømes slik at dei aller fleste helst vil lese på papir, seier Gran.

Vibecke Endestad ved Florø ungdomsskule

GANSKE FORNØGD: Vibecke Endestad ved Florø ungdomsskule ner ganske fornøgd med å bruke Ipad i skulekvardagen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ho er oppteken av at ny teknologi ikkje må takast i bruk berre fordi det er nytt, og lurer på om ein del skular har undervurdert papir når dei har ivra etter å ta i bruk nettbrett.

– Papir er også ein teknologi, og det er ein veldig god teknologi. Det er veldig mange teknologioptimistar i samfunnet vårt i dag, og nokre av dei kan kanskje bli litt overivrige i å ta i bruk ny teknologi.

Mange skular held på papirbøkene

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Rikke Høistad Sjøberg seier at utviklinga berre går ein veg, og at fleire og fleire skular no nyttar seg av nettbrett. Likevel fortel ho at svært mange skular gjer som Florø ungdomsskule, og brukar lesebøker ved sidan av nettbrettet.

– Vi skal ikkje ta i bruk teknologi berre for å gjere det, men vi ser at nettbrett kan vere eit veldig nyttig arbeidsverktøy i skulekvardagen. Likevel ser vi at veldig mange skular held fram med å bruke lesebøker i tillegg, seier Sjøberg.

Ipad blir brukt i undervisninga ved Florø ungdomsskule

LESEBOK OGSÅ: Ved Florø ungdomsskule brukar elevane både lesebok i papir og nettbrett.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kunnskapsdepartementet har ikkje noko oversikt over kor mange skular som no har gått over til å bruke nettbrett i kvardagen, men dei har eit klart inntrykk av at det blir stadig fleire.

Lærar Vibecke Endestad i Florø trur nettbrett i skulen er framtida, sjølv om det fører med seg ein del utfordringar.

– Det er ei klar utfordring at elevane sit på VG, NRK og Youtube i timane. Likevel er det likevel veldig enkelt å bruke Ipad, og det fungerer på mange måtar godt. Eg trur eg kan anbefale andre skular å gå over til nettbrett, seier ho.