– Med forholda som er i fjellet, så fryktar vi at folk blir tekne av skred, seier hundeførar og instruktør i Norske redningshunder, Helene Sæterdal.
Over heile landet er snøskredfaren så høg at det stadig går nye skred. Det fekk Sæterdal oppleve då store snømassar dundra ned langs fjellsida på E39 i Sogn og Fjordane.
Når alle andre skal halde seg vekke, går Sæterdal og hunden inn i skredområdet for å yte livsviktig innsats. Ho ser med uro på påska som er i vente.
– Skredfaren er veldig stor. Til veka kjem sola, og då er det viktig at folk held seg unna bratte parti i fjellet, meiner Sæterdal.
I søk etter personar tekne av skred, kan tilgang på redningshund vere avgjerande. Norske Redningshunder har difor auka beredskap over heile landet i påska, og er klare til å rykke ut på kort varsel. Blant anna har dei auka talet frå fire til seks hundar i Sogn og Fjordane.
MÅTTE TRÅ TIL I HELGA: Helene Sæterdal frå Norske Redningshunder var med på å søke gjennom eit snøskred på E39.
Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK– Heilt klart ein situasjon vi er uroa for
Etter eitt døgn i beredskap har Røde Kors allereie brukt over 175 timar på blant anna søk i skred. Snøskredvarslinga varsom.no delar uroa til både Norske Redningshunder og Røde Kors.
– Det er ustabile forhold fleire stadar, så det er heilt klart ein situasjon vi er uroa for, seier Tommy Skårholen ved snøskredvarslinga.
Denne helga har det rasa både i vest, aust og nord.
– Mildvêr har ført til fleire snøskred over heile landet denne helga, spesielt på Nordvestlandet. Folk gjer lurt i å halde seg vekke frå bratte fjellsider denne påska, seier Skårholen.
LIVREDDARAR: Hund og hundeførar måtte bryne seg på store snømengder i raset på E39 i Sogn og Fjordane.
Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK- Les også:
- Les også: