Hopp til innhold

Norske kyrkjer forfell på grunn av manglande vedlikehald

Forfallet på kyrkjene i landet er no så stort at anten bør andre overta bygga, eller så må kyrkja sjølv bruka eigne midlar på opprusting. Det meiner Fortidsminneforeininga, som ikkje er nøgde med kommunane sin innsats.

Kyrkje står til forfall i fjordfylket

KYRKJELEG FORFALL. Kyrkjer over heile landet forfell på grunn av manglande vedlikehald. I Luster har verneombodet stengt Nes kyrkje.

– Ein må ein få tilført meir pengar til vedlikehald, eller så må ein redusere talet på kyrkjer som er i bruk, seier Jon E Tamnes som er dagleg leiar i fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane.

I dag skriv Sogn Avis om Nes kyrkje i Luster, der verneombodet har lagt ned forbod mot bruk av kyrkja, på grunn av omfattande problem med skadedyr. Husbukk har herja over mange år, og det har gått utover bereevna til berebjelkar i kyrkjetårnet.

Meiner kyrkje må ta ansvar

– Det er ikkje noko kjekt å lese om kyrkjer i forfall, men det er diverre ein tendens over heile landet, seier Tamnes.

Jon E Tamnes, dagleg leiar i Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane

MEINER KYRKJA MÅ TA ANSVAR: Jon E Tamnes, dagleg leiar i Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Over heile landet ser ein målingsslitne kyrkjebygg prega av forfall. Felles for dei er at dei kyrkjelege fellesråda i kommunane ikkje maktar vedlikehaldet.

Sjølv om kyrkja gjennom Opplysningsvesenets fond rår over milliardverdiar, er det dei kyrkjelege fellesråda i kommunane som i dag har ansvaret for vedlikehaldet av kyrkjebygga.

– Eg meiner at kyrkja bør tenke på å bruke noko av dei verdiane dei har til vedlikehald, seier Tamnes.

– Ikkje aktuelt

I Bjørgvin er også biskop Halvor Nordhaug uroa over forfallet.

– Mange stader er kyrkjebygga på kanten til å ikkje kunne brukast. Vi kan ikkje la kyrkjene rotne på rot, det vil ikkje innbyggarane godta. Men dette skuldast ei årelang forsøming frå kommunane som ikkje har hatt pengar til vedlikehald, seier Nordhaug.

Biskop Halvor Nordhaug

MEINER VEDLIKEHALD ER KOMMUNANE SITT ANSVAR: Biskop Bjørgvin, Halvor Nordhaug

Foto: Oddleif Løset / NRK

Biskopen i Bjørgvin har lite til overs for forslaget frå Fortidsminneforeininga om å bruke av midlane frå Opplysningsvesenets fond til vedlikehald.

– Fortidsminneforeininga veit godt at lovverket er slik at det er kommunane som har ansvaret for vedlikehaldet. Opplysningsvesenets fond har aldri vore meint å skulle brukast til vedlikehald av kyrkjene

– Men når kommunane ikkje har pengar, og kyrkjene forfell. Kva skal ein gjere?

– Kommunane har pengar. Det er eit spørsmål om prioritering. Eg forstår at det er vanskeleg for kommunane, men det er ingen veg utanom, seier Nordhaug.

Ser til Storbritannia

I Storbritannia er til dømes kyrkjebygg gjort om til bustadar. Det er ei problemstilling som også Fortidsminneforeininga i Norge har sett på.

– Vi har lært ein del av det som skjer i Storbritannia og andre land. Det er jo at ein avsluttar den kyrkjelege bruken av dei, og ser dei som ein byggningsressurs, seier Tamnes.

– Kan det vere ei løysing å selje kyrkjer?

– Det høyrest drastisk ut, men den norske kyrkja bør ha sterkare fokus på kva som skal skje med dei mange kyrkjene i landet framover, seier Tamnes.

Sal av kyrkjebygg meiner Nordhaug ikkje er realistisk.

– Då lurar eg på kva dei tenker på. Skal vi bruke kyrkja som kafé? Det er heilt uaktuelt. Eg kan heller ikkje så for meg at andre kyrkjesamfunn skal kunne gå inn å ta over kyrkjebygga heller, så dette er eit framlegg som er tatt ut av lause lufta, seier Nordhaug.