Hopp til innhold

Norske ferjer kan slutte å lage sveler

Når ferjeflåten skal bli elektrisk skal dei ikkje lenger lage sveler. Folk fortvilar, men Noregs største ferjeselskap lover å få på plass sveleautomatar.

Sveler

KJEM PÅ AUTOMAT: Ferjesvelen kjem på automat etter kvart som ferjene blir elektriske, lovar Fjord1.

Foto: Stig Morten Waage

– Dette med sveler handlar jo om identitet, kultur og historie. Det er ei symbolsak, seier Arvid Andenæs.

I eit Facebook-innlegg som startar med «Eg vil ha svela mi!» tek den tidlegare banksjefen eit oppgjer med ferjeselskapa sine planar om å kutte svelene.

Dei neste ti åra skal det skje mykje på ferjefronten i Norge. Langs heile norskekysten skal gamle dieselferjer bytast ut med nye, elektriske ferjer. Ferjer slepp ut mykje forureining, og omlegginga er ein del av norsk klimapolitikk.

Dei elektriske ferjene må vere forsiktige med kor mykje straum dei brukar. For å spare straum har ferjeselskapa planar om å kutte i den kioskdrifta som brukar mykje straum.

For folk som ikkje reiser mykje med ferje kan det kanskje høyrast rart ut at folk blir irriterte over at akkurat svelene skal forsvinne. Dei som reiser mykje med ferje veit nok kva det går i, for berre Fjord1-åleine sel opp mot ein million sveler kvart år.

Vil ha svelekrav for å få konsesjon

Arvid Andenæs seier at han kjem med utspelet med eit glimt i auget, men at han også meiner det veldig alvorleg.

– Dette handlar eigentleg om at det ikkje er noko krav om å ha kioskdrift for å få konsesjon til å drive eit ferjesamband. Då er det den som kan drive billegast mogleg som får konsesjonen, uansett kva tilbod passasjerane får.

Arvid Andenæs, adm. dir. Sparebanken Sogn og Fjordane

GLAD I SVELER: Arvid Andenæs er glad i sveler, og vil ha dei på ferjene.

Foto: NRK

Han kunne tenkt seg ein ferjetur som gav folk noko meir.

– Ferjene går jo i eit fantastisk landskap langs heile norskekysten. Kvifor ikkje tilby noko meir enn ei reise frå «A»til «B»? Med krav om kioskdrift kunne ein fått til det også med elektriske ferjer, seier Andenæs.

Eter du mykje sveler sjølv?

– Eg eter sveler om eg får tak idet, men eg er ikkje noko storetar.

Ferja Svanøy

KULTUR: Sveler og ferjer er ein viktig del av kultur langs norskekysten, ifølgje Arvid Andenæs.

Foto: Trondheim Havn

Fjord1 tek svelene på alvor

Andre Høyset i Fjord1 forsikrar at reiarlaget tek svelene på alvor, og er klar over kva dei betyr for norske ferjepassasjerar.

– Vi har i dag automatar som sel kaffi på ein del ferjer med lågare trafikk. Slik automatar som kan selje sveler vil kome på plass på dei nye elektriske ferjene etter kvart, seier Høyset.

Det er ikkje kjent kva andre ferjereiarlag tenkjer om framtida til norske ferjesveler, og NRK har ikkje lukkast å kome i kontakt med laurdag.