Hopp til innhold

Norske bønder taper totalt ein milliard fordi dei ikkje får eksportere jarlsbergost

JØLSTER (NRK): – Vi må slakte dyr og vil misse store inntekter. Det er tøft.

Jakob Flatjord, Marit Flatjord, Kjell Lyngstad i Strand Samdrift Stardalen

MÅ REDUSERE: Jacob Flatjord, Marit Flatjord og Kjell Lyngstad i Stardalen samdrift i Stardalen i Jølster må kutte 10 prosent av mjølkeproduksjonen.

Foto: Bård Siem / NRK

Dette seier Marit Flatjord, ein av eigarane i Stardalen samdrift i Jølster.

Kyrne strekker seg framover og rautar når kraftfôr blir lagt på fôrbrettet. Dei 60 mjølkekyrne og like mange ungdyr ser ut til å ha det bra i den moderne samdriftsfjøsen.

Den årlege mjølkeproduksjonen ligg på 535.000 liter, men no må volumet ned med 10 prosent. Bortfall av eksport av jarlsbergost til USA er hovudårsaka til volumet må ned.

– For å redusere produksjonen av mjølk må det samla dyretalet ned. Det blir færre kalvar og mindre okseslakt, seier Marit Flatjord. Ho ser for seg eit årleg inntektstap på om lag 300.000 kroner for samdrifta.

Utrekningar viser at det samla inntektstapet vil kome på godt og vel ein milliard kroner for norske mjølkebønder.

Marit Flatjord i Strand samdrift i Stardalen

MÅ SLAKTE: Marit Flatjord konstaterer at fleire dyr må slaktast for å redusere mjølkeproduksjonen.

Foto: Bård Siem / NRK

Kollega Kjell Lyngstad ser slik på det:

– Når inntektene går ned må vi prøve å redusere kostnadene på ein smart måte. Alle må delta i dugnaden med å få produksjonen ned. Vi kan ikkje sjå for mørkt på det, seier han.

Meiner regjeringa må bidra

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, er svært uroa over situasjonen i mjølkenæringa.

– Utrekningar viser at ein samla inntektsnedgang på godt og vel ein milliard kroner. Det vil både gå ut over verdiskapinga og arealbruken. Dessverre vil enkelte bli tvinga til å legge ned drifta, seier han.

Lars Petter Bartnes

STILLER KRAV: Leiar i Noregs Bondelag, Lars Petter Bartnes, krev at regjeringa stiller opp med ekstraløyvingar til norske mjølkebønder.

Foto: Norges Bondelag

Bartnes meiner staten må bidra med ekstra midlar for å bøte på den utfordrande situasjonen.

– Situasjonen har oppstått på grunn av at regjeringa har akseptert at vi skal fjerne eksportsubsidiering av jarlsbergost. Dermed må regjeringa stille opp for å redusere skadeverknadene, seier han.

Eksporten av norsk jarlsbergost til USA utgjer åleine nær åtte prosent av den samla norske mjølkeproduksjonen.

For å møte utviklinga må meierikonsernet Tine spare ein milliard kroner. Mellom anna må 400 årsverk bort.

Jarlsbergost på samlebåndet Tine Elnesvågen

NEI TIL EKSPORT: Eksporten av norsk jarlsbergost til USA er snart historie. Dette gjer at norske mjølkebønder taper ein milliard kroner i inntekter.

Foto: Gunnar Sandvik/NRJK

Ingen lovnad om støtte frå regjeringa

Statssekretær Widar Skogan (KrF) i Landbruks- og matdepartementet vedgår at situasjonen er svært krevjande for mjølkeprodusentane. Samtidig kan han ikkje love at staten vil bidra med friske midlar.

– Det ligg ein avtale frå jordbruksforhandlingane no i vår om at dette skal løysast av næringa sjølv. No har vi fått ein førespurnad om å bidra, noko vi skal ha ei grundig vurdering på i regjeringa.

– Men bør ikkje regjeringa bidra her?

– Det har eg inga formeining om. I utgangspunktet er det næringa sjølv som har ansvaret for å marknadsregulere produksjonen, seier han.

Widar Skogan

VIL IKKJE LOVE MIDLAR: I utgangspunktet er det mjølkebøndene sjølve som har ansvar for å marknadsregulere produksjonen, seier statssekretær Widar Skogan (KrF) i Landbruks og matdepartementet.

Foto: Arild Moe / NRK