Hopp til innhold

Heile landet vil ha norskdesigna ski

Selskapet SGN-ski frå Sogn, gjer det godt i ein tøff marknad. Før sesongen verkeleg startar har dei nådd salsmålsettinga.

SGN skis

POPULÆRE SKI: etterspurnaden etter dei Sognefjellsinspirerte skia gjer det godt.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Skisesongen har ikkje starta enno, men likevel er det mange som har kontakta oss , synt interesse og kjøpt ski. Så det lovar godt, seier Tore Frimanslund, som er dagleg leiar i selskapet. Interessa i fjor og i år har synt at det er etterspurnad etter norskdesign ski, tilpassa vår bruk, slik vi står på ski.

Han vil ikkje gå ut med konkrete tal på kor mange ski som er selde, men avslører at dei har selt betydeleg meir enn i fjor.

– Vi har allereie nådd måla våre for i år. Så langt er det over all forventinga, seier han.

Frimanslund trur det er først no, når sommaren verkeleg er over, at sesongen set inn.

– Sjølv om det er utruleg kor mange som kjøper ski i slutten av juli, så er det vel først no at abstinensane verkeleg blir vekka. Det er fram mot jul vi har hovudsesongen vår, så det blir gjerne ein auke i etterspurnaden framover.

(Saka held fram under videoen)



Kan bli skuffa kundar

Bli med karane i SGN-skis ned Togga.

SJÅ VIDEO: Bli med ned Togga!

Selskapet, som er stifta av fire skikøyrarar frå Sogn, har hatt så stor pågang, at Frimanslund trur fleire kundar ikkje får sikra seg skia dei vil ha.

– Vi ser ut til å bli utselde for ein del modellar allereie, og det hadde vi ikkje estimert med heilt endå. Vi kan få produsert opp noko i løpet av sesongen, men dessverre blir det vanskeleg å få bestilt og produsert opp store ordrar, seier Frimanslund.

Selskapet lanserte i fjor tre nye skimodellar, og har totalt fire ulike skitypar. I følgje Frimanslund har alle skia fått gode tilbakemelidingar.

– Det har vore utelukkande gode tilbakemeldingar. Fri flyt-testen (ski-magasin red. am) gjekk godt, og vi var der oppe som vi skulle vere. Eg trur det lovar godt for skimodellane våre. Modellen «Togga» gjekk mykje av i fjor, og den går det ein del av i år også, fortel Frimanslund.

Tore Frimanslund i SGN-ski er sjølv ein ivirig skikøyrar.

SKIENTUSIAST: og dagleg leiar i SGN-ski, Tore Frimanslund.

Vil skilje seg ut

Konkurransen i skimarknaden er tøff, med mange store aktørar med høge budsjett, som er godt etablerte i marknaden. Likevel ser SGN-skis at det er plass til dei.

– Vi finn vår del av marknaden, og har tenkt å gjere det godt der. Vi veit at vi har eit godt produkt, det handlar berre om å nå ut til folk, seier den daglege leiaren.

Og etter bestillingane å dømme ser det ut til at selskapet har nådd meir ut til folk.

– Kundane våre er det mest interessante. I fjor selde vi mykje lokalt, medan i år går majoriteten til resten av landet. Austlandet, Nord-Noreg og heile Vestlandet. Det er jamt fordelt over heile landet der det er fjell, seier ein godt nøgd dagleg leiar.

Må speide etter nyhende i skibakken

På sikt ynskjer også selskapet å nå endå breiare ut, og lansere produkta internasjonalt.

– Vi har sendt nokre ut av landet i år, men ikkje så mange. Vi vil først få godt grep om den norske marknaden, seier Sogningen, som er forsiktig med å røpe selskapet sine nyaste planar.

– Vi arbeider allereie no med skimodellar som skal lanserast eit par år fram i tid, men eg kan ikkje seie noko konkret om det. Folk får sjå etter oss i skitrekka i vniter og sjå om dei ser noko nytt, avsluttar Frimanslund.