Hopp til innhold

– Det er veldig langt opp til dei beste. Utan profesjonalisering kan vi sjå langt etter OL

EM på heimebane skulle vere ein katalysator for dei beste norske vektløftarane. Status syner derimot at norsk vektløfting er langt unna dei beste internasjonalt.

Mart Seim frå Estland løftar 239 kilo i støt under EM

LANGT OPP: Mart Seim har 239 kilo på stonga. Estlendaren er blant dei beste vektløftarane i Europa – langt framfor dei beste norske løftarane.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi er ikkje der vi burde vere. Eg hadde håpa EM skulle gje eit løft for det norske landslaget, men vi fekk ikkje ut potensialet, seier Stian Grimseth.

EM-generalen fekk sjå mange prestasjonar på internasjonalt nivå under meisterskapen i Førde. Mellom anna vart det ny europeisk rekord i rykk for supertungvektarane, men den vart sett av Lasha Talakhadze frå Georgia – og ikkje ein nordmann.

– Dei beste må bli monaleg betre for at vi skal kunne ha ambisjonar om å ha utøvarar med i OL, og ha folk i medaljekampen i EM og VM, seier Grimseth.

– Brutalt tøff prosess i åtte-ti år

Norge hadde tolv deltakarar med i europameisterskapen, men ikkje ein einaste utøvar i A-puljane. Beste løftar vart Ine Andersson med ein 12. plass.

Grimseth har sjølv vore med i OL. Han tok gull i rykk sist EM vart arrangert i Norge.

Han meiner fleire må leve som toppidrettsutøvarar 24 timar i døgnet – året rundt.

– Det hjelper ikkje berre å trene 30–35 timar i veka. Ein må ha fullt fokus på alt som har å gjere med kosthald, restitusjon og kvile. Det er ein brutalt tøff prosess gjennom åtte-ti år. Så enkelt og så vanskeleg, seier han.

EM-general Stian Grimseth og IWF-president Tamas Ajan

KRITISK: Stian Grimseth (t.v.) meiner norske vektløftarar burde ha teke større steg dei siste åra inn mot EM på heimebane. No håpar han at utøvarane kan heve seg i åra framover. Her er EM-generalen i samtale med IWF-president Tamas Ajan.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dei aller beste har ein heilt annan kvardag

Norsk-ugandiske Ruth Kasirye er den førebels siste vektløftaren Norge har hatt heilt i verdstoppen. Ho var flaggbærar under OL i 2008, og ho tok sølv under EM i 2009.

Dit vil gjerne også Sindre Rørstadbotnen komme.

– I mine auge er det langt frå umogleg med rett fokus og tilrettelegging. Mange av dei som er med på EM driv med vektløfting på heiltid, og då får dei ein heilt annan kvardag med trening og restitusjon enn vi som også må jobbe, seier 23-åringen.

Rørstadbotnen løfta i C-pulje under EM, der han hevda seg heilt i toppen. Men: samanlagt heldt det berre til 22. plass med 325 kilo. Latviske Arturs Plesniks stakk til samanlikning av med gullet etter totalt 403 kilo.

Sindre Rørstadbotnen støytte 183 kilo under EM i vektløfting på heimebane.

GODT NØGD: Framfor 1200 tilskodarar var Sindre Rørstadbotnen nøgd med å støyte 183 kilo i C-puljen. Det var likevel eit godt stykke unna dei beste i klassen.

– Har ikkje ressursar til å følgje opp

NRK har snakka med utanlandske trenarar som meiner nordmenn startar altfor seint med vektløfting til å nå toppen. I mange land startar dei målretta trening i 10-12-årsalderen.

President Per Mattingsdal i vektløftarforbundet vedgår at det er langt fram.

– Utan profesjonalisering trur eg vi kan sjå langt etter å kvalifisere oss til OL, seier han.

– Har forbundet gjort ein god nok jobb med å leggje til rette for utøvarane?

– Ja, med dei ressursane vi har hatt, vil eg seie det. Men ressursane er ikkje store nok til å følgje opp profesjonelt, seier Mattingsdal.