Norsk ungdom vil ikkje plukke bær: – Bøndene har skote seg sjølv i foten

At bærplukking er lite attraktivt for norsk ungdom kan bøndene stort sett takke seg sjølv for, meiner Nav.

Plukking av jordbær

Her er polske bærplukkarar i arbeid på ein gard i Eidsberg i 2016.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

– Vi opplever at ungdommane er interesserte i å få seg sommarjobb, seier Frode Henden i Nav Sogn og Fjordane.

I går sa Veronica Hauge at ho ikkje får tak ungdommar til å plukke bær og at dei heller vil ha ferie. På Facebook herjar no debatten om ungdom er late, om bøndene betaler for dårleg og om det er andre årsaker til at ungdom ikkje vil plukke bær.

Ifølge NAV er ungdommen mest interessert i arbeid knytt til utdanningsløpet dei tek, som til dømes innanfor bygg- og anlegg, helse- og omsorg og industri.

Henden meiner derimot landbruket sjølv har skuld i at dei ikkje får ungdommeleg arbeidskraft.

– Det jo og eit poeng at landbruket har skote seg sjølv i foten, i den forstand at dei i stor grad har gjort seg avhengig av utanlandsk arbeidskraft til innhausting, seier han.

Ifølge han er det noko som starta heilt tilbake på 70-talet.

Kan måtte auke løna

Bondelaget har ønska norsk ungdom velkommen i lengre tid. Likevel kan dei ikkje svare på kvifor ungdom vel vekk arbeid som å plukke bær. Dei trur samfunnsutviklinga er noko skuld i det.

– Det er kanskje slik at mange 14–15 åringar som vil ta seg ein jobb klarer seg utan den inntekta, seier kommunikasjonssjef i Norsk Bondelag, Lise Boeck Jakobsen.

Lise Boeck Jakobsen

Lise Boeck Jakobsen er kommunikasjonssjef i Norges Bondelag.

Foto: NRK

Ho meiner landbruket, bærindustrien og Nav alle må snakke fram kva som er mogleg å jobbe med i landbruket. At løna er lågare samanlikna med andre sommarjobbar for ungdom meiner ho er noko næringa må ta til seg og vurdere dersom dei ønsker norsk arbeidskraft.

– Nav seier at bøndene skyt seg sjølv i foten, har dei rett eller er det skivebom?

– Eg trur det er viktig å sjå på kva vi kan gjere for å få den arbeidskrafta som er naudsynt, seier ho.

Ungdomsrådgjevar Bjarne Lagenes er ungdomsrådgjevar i LO og jobbar i LOs sommarpatrulje. Han trur også løna kan bety noko.

– Eg vil jo tru at ungdom lar seg trekkje mot der det er godt betalt, det trur eg, seier han.

Er norske ungdommar late?
Debatten har gått etter at ein jordbærdyrkar i Gloppen ikkje ville bruka norske plukkarar, fordi dei ikkje held ut meir enn eit par dagar - og vil på ferie midt i sesongen.

ER UNGDOMMANE LATE? Debatten har gått etter at ein jordbærdyrkar i Gloppen ikkje ville bruka norske plukkarar, fordi dei ikkje held ut meir enn eit par dagar - og vil på ferie midt i sesongen.

Seint ute

Henden trur ikkje ein kan skulde alt på arbeidsinnvandring til kvifor ungdom ikkje har vore aktuell for jobbar innanfor innhausting-bransjen.

– Det er opplagt at det er ein kombinasjon av fleire faktorar, seier han.

Mellom anna peiker han på at landbruket har blitt meir profesjonalisert, og at krava er tøffare til dei som skal jobbe der. I tillegg har det vore ei generell velstandsutvikling der gjerne foreldre har litt skuld. God råd har gjort til at dei unner ungane ferie.

Han meiner og bøndene er noko seint ute med å hente inn arbeidskrafta til norsk ungdom.

– Ungdommar er ute etter å finne sommarjobb i mars-april og har derfor allereie sikra seg, seier han.