Hopp til innhold

Norsk gull i stafetten i junior-VM

Jon Rolf Skamo Hope (19) frå Hyen bidrog sterkt då Norge stakk av med gullmedaljen under 4 gonger 5 kilometer stafett i sveitsiske Goms laurdag.

Jon Rolf Skamo Hope under junior-VM i sveitsiske Goms, sølv på duatlon

GOD ETAPPE: Jon Rolf Skamo Hope gjorde ein god etappe under stafetten i junior-VM. Dette biletet er frå då han tok sølv i duatlon under den same meisterskapen.

Foto: JWSC

– Det er utruleg herleg. Det er dette eg har trent for heile sesongen og når det lukkast så sit ein igjen med ei god kjensle når meisterskapen er over, seier Skamo Hope.

Med tida 50:40:02 vann det norske stafettlaget framføre USA og Russland.

Skamo Hope gjekk den andre etappen for Norge, og låg ti sekund bak Sverige då han tok over stafettpinnen. Det henta han inn att, og då han veksla til tredjemann Haavard Moseby, låg Norge som nummer ein.

Tre medaljar

Jon Rolf Skamo Hope

TALENT: No håpar Jon Rolf Skamo Hope å også kunne hevde seg blant seniorane.

Foto: Ole Jørgen Bratland / Statoil

Frå før i meisterskapen i Goms har hyaren teke gull i 10 kilometer klassisk, sølv i 20 kilometer med skibyte og ein sjetteplass i sprint. Med nok eit gull laurdag, må ein vel kunne seie at han har fått full pott i junior-VM.

– Heilt klart. Det er nesten meir enn eg hadde håpa på så det er utruleg moro, seier Skamo Hope.

I sitt tredje junior- VM på rad klarte 19-åringen det ingen før han frå Sogn og Fjordane har klart. Tysdag tok han nemleg individuelt gull på 10 kilometer klassisk.

– Den heng høgt. Det er svært frå av dei som går World Cup som har individuelt gull i junior-VM. Så eit individuelt gull er stort å få, seier Skamo Hope.

Det er andre året på rad at det norske juniorlaget tek gull i VM-stafetten. Også i fjor i Salt Lake City var Skamo Hope på laget.

Stolte foreldre

– Dette er heilt vilt, og det moro at vi hadde moglegheit til å vere med her i her i Goms. For å sitte heime og sjå dette på fjernsyn hadde ikkje vore berre berre, seier ein stolt pappa Terje Skamo.

Han og kona Oda Karin Hope har site på tribunen og sett sonen plukke den eine medaljen av edel valør etter den andre. Og Jon Rolf sjølv er klar på at støtta frå foreldra har betydd mykje.

– Det har betydd utruleg mykje. Det blir neste som eit vanleg renn. Vi har snakka saman før start, dei er viktig for meg, seier Skamo Hope.

Lite tid til feiring

Sundag vert det feiring med resten av den norske troppen før han nullstiller for U23-NM som er allereie neste helg.

– Det er jo eit seniorrenn. Dersom eg skal ha ambisjonar om å kome med på rekruttlandslaget etter sesongen, så må eg vise at eg har nivået inne blant seniorane også, seier Skamo Hope.