Hopp til innhold

Norsk cruisenæring jublar for storsatsing i Asia

Trass storsatsing på cruiseturisme i Asia, den norske cruisenæringa trur på vekst i åra som kjem. Årsaka er enkel: mange nye cruiseskip.

Cruiseskip

GODE UTSIKTER: Norske fjordar og fjell er eit ynda reisemål for utanlandske turistar. No håpar næringa at eit auka fokus på Asia som cruisedestinasjon, vil trekkje fleire cruiseturistar til Norge.

Foto: Petter Strøm / NRK

Berre dei neste fire åra vil over 30 nye cruiseskip bli bygde og kome i drift. To tredjedelar av desse er store skip. Skip som kan ta mellom 3 000 og 5 000 passasjerar.

Det gir grunn til optimisme, fortel direktør Jens Christian Skrede i Cruise Europe.

– Det har vore ein jamn vekst i cruise på kring sju prosent siste 25 åra. Det er ikkje grunn til å tru at den kjem til å bli mindre dei neste 25 åra, seier direktør Jens Christian Skrede i Cruise Europe.

Satsar på Asia

Jens Christian Skrede

HELD FRAM: Jens Christian Skrede i Cruise Europe trur veksten i cruiseturismen vil halde fram.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Reiarlaga Royal Caribbean International og MSC Cruises ventar ifølgje Skrede høvesvis 35 og 63 prosent auke i tall cruiseanløp over heile verda dei neste 4 åra. Det er her den andre nye trenden kjem inn, Asia.

For fem år sidan var verdsdelen knapt nok på cruisekartet. No seier marknadssjef Ellen Stebekk i Royal Caribbean det er sterkt søkjelys på Asia.

– Det er veldig stor skilnad. Fleire av dei nyaste skipa blir sett i trafikk i Asia for å betene det området, seier Stebekk.

Likevel optimistar

Årsaka til den sterke satsinga i Asia er ei etter kvart kjøpesterk befolkning.

Men sjølv om fleire skip blir sendt til Asia, trur Skrede det gir positive ringverknader for Norge som cruisereisemål.

– Vi fekk beskjed så seint i mars under messa i Miami at ein eller fleire av desse båtane skulle gå i Nord Europa eller i Middelhavet. Ein månad seinare fekk vi kontrabeskjed om at dei likevel sender dei til Asia. Eg trur det kan vere investering i ein veldig spennande marknad som så å seie ikkje har cruise, seier han.

Positivt på sikt

Bjørg Næss

POSITIVT: Bjørg Næss i Geiranger og Nordfjord Cruise Handling trur satsinga i Asia vil «lære» asiatane opp som cruiseturistar.

Foto: Silje Guddal / NRK

For søkjelyset på Asia, kan trekkje fleire asiatiske cruiseturistar til Norge.

I dag utgjer amerikanarane kring 55 prosent av cruiseturistane i Norge. Nær ein tredjedel er europearar.

– Då lærer dei asiatane å reise på cruise, så vil det føre til auke for oss. For så langt har vi hatt veldig få asiatar på cruise her i Norge. Eg trur det er noko som kjem, seier Bjørg Næss i Geiranger og Nordfjord Cruise Handling.

Ventar auke neste år

Jon Olav Stedje

AUKE: Jon Olav Stedje påpeikar at Asia og Norge kan tilby cruiseturistane heilt ulike opplevingar. - Fjordane er fjordane, og dei vil alltid vere her og vil alltid vere unike for gjester som vil besøke oss her inne, seier han.

Med 30 nye skip i bestilling, forsikrar Stebekk i Royal Caribbean at Asia-satsinga ikkje vil gå ut over Norge og fjordane som cruisedestinasjon.

– Det er ein generell kapasitetsauke med dei nye skipa, så det betyr ikkje noko nedgang i dei andre marknadane, seier ho.

Og i både Olden, Geiranger og Flåm ventar ein auke i cruiseturistar neste år.

– Vi har allereie fått anløpsmelding for 2016 og 2017 der nye, større, miljøvennlege og familietilpassa cruiseskip har meldt sin innkomst og interesse for å komme til Flåm, seier assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje i Aurland hamn.