Om få veker leverer Forbundet Kysten søknad om å få den nær 2.000 år gamle båtbyggjetradisjonen inn på Unesco si liste over «menneskehetens immaterielle kulturarv».
– Ein seier at nordmenn er fødde med ski på beina, men skisporten er dryge 100 år gamal. Båten har i fleire tusen år vore ein føresetnad for livet langs kysten, seier seniorrådgjevar Tore Friis-Olsen.
– Eit kjempeløft
Forbundet har i
. Nyleg gjekk Sparebankstiftelsen DNB inn med 7,8 millionar kroner.Friis-Olsen meiner løyvinga er eit stort løft for ein viktig del av kystnasjonen Norge si maritime kulturarv. Eit stort løft vil det også vere å bli verdsarvlista.
– Det er ein vinn-vinn-situasjon. Det blir eit kjempeløft om vi får dette gjennom. For båtbyggjarane, dei som nyttar båtane og dei som jobbar med formidling, seier han.
Lite kunnskap att
For i ei tid der veg, luft og jernbane i stor grad har teke over som transportåre, er båtbyggjetradisjonen i ferd med å gå i gløymeboka.
I 2017 har berre ei lita knippe tradisjonsberarar framleis kunnskapen som vikingane hadde. Gjennom eit fireårig prosjekt vil Forbundet Kysten stimulere tradisjonshandverket og syte for kunnskapsoverføring til nye båtbyggjarar.
– Båten er ein del av kystsjela. Difor meiner vi at det ville vere ille om tradisjonen blir fasen ut. Vi må verne den, og gjere den endå meir levande, seier Friis-Olsen.
Får midlar
I Indre Sogn Kystlag jobbar dei for å fremje interessa og kunnskapen rundt ein av dei viktigaste nordenfjelske båttradisjonane; sognebåten. Med milliongåva til Forbundet Kysten ser 15-årsjubilanten håp om søkje midlar til å kjøpe inn fleire båtar for turistar og opplæring av skuleklassar.
Leiar Marny Tønnesen trur det kan komme mykje godt ut av ei verdsarvlisting for den nordiske båtbyggartradisjonen.
– Alt som er på UNESCO er ting ein vil ta vare på for kulturen sin del. I Aurland fekk Aurlandsskoen på verdsarvlista. Det gir dei midlar til å halde oppe skoen, så den ikkje blir gløymd, seier ho.