Norsk 100 km-rekord av Hafsås

Helge Hafsås frå Olden sette ny norsk rekord over 100 km i Bergen laurdag. Olden-løparen imponerte med ny rekord på 6 timar 50 minutt og 15 sekund.

Helge Hafsås.
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Den nye rekorden er heile sju minutt raskare enn den gamle. Også den var sett av Helge Hafsås.

Og det å springe 100 kilometer i slikt tempo merkast dagen etter, sjølv for ein milslukar som Hafsås.

- Eg er ganske stiv, eg kjenner det spesielt i knea, det var ein hard belastning.

- Men du er eign glad og letta mann?

- Eg er glad, ja.

100-kilometeren laurdag gjekk over 20 rundar på gang- og sykkelstiar i Bergen. Før Hafsås var halvveges i løpet tok det til å butte imot.

- Eg sleit mest mned at eg vart uvanleg stivna spesielt i lyskepartiet før eg hadde passert maratondistansen, og då såg eg litt mørkt på det. Men eg tenkte at eg fekk berre prøve å halde det i gang.