NRK Meny
Normal

Norled: Ladefiaskoen er blitt braksuksess

LAVIK (NRK): Reiarlag, mannskap og ferje var utskjelt på grunn av alle dei avlyste turane og ladeproblema. No brukar leiinga i Norled ordet braksuksess om elferja «Ampere».

Håkon Hevrøy og Steinar Johnsen på Ampere

NESTEN LYDLAUST: Maskinsjef Håkon Hevrøy (t.v.) og skipper Steinar Johnsen stortrivst i styrehuset på «Ampere».

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Knapt ein lyd er å høyre i styrehuset på «Ampere». Skipper Steinar Johnsen styrer ferja ut frå kai i Lavik frå den komfortable stolen sin. På ein skjerm kan han fylgje med på kor mykje straum ferja brukar. Han trivst godt i dette arbeidsmiljøet.

– Det er ikkje mykje støy frå denne ferja, berre litt summing frå propellane. Hadde det vore vind, ville vi høyrt lyd av bølgjene. No er det heilt stilt, så det er behageleg.

Han legg vinn på å bruke så lite straum som råd.

– På denne skjermen ser vi forbruket akkurat no, her ser vi kor mykje vi har brukt på dei siste turane, og kor mykje vi ladar ved kvart anløp. Det har gått sport i å bruke minst mogeleg. Eg har ein personleg rekord frå 24. februar i år, rett nok ein prøvetur utan last.

bilferja Ampere

SPAREBØSSE: Drivstoffutgiftene på «Ampere» er ein firedel av utgiftene til dieselferjene.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Braksuksess

Det står ikkje til å nekte at «Ampere» har skapt hovudbry for reiarlaget Norled sidan elferja vart sett i trafikk på Lavik-Oppedal 16. februar 2015. Ei rekkje turar måtte avlysast fordi ladinga ikkje fungerte godt nok.

Men no, vel to og eit halvt år etter at den teknologiske nyvinninga kom i drift, tek regionsjef for ferjer i Norled, Inge André Utåker, i bruk store ord når han skal karakterisere elferja.

– «Ampere» er ein braksuksess ut frå dei måla som vart stilt i 2011. Det skulle vere eit utstillingsvindauge, ei utviklingsferje, og målet var 15–20 prosent nedgang i drivstofforbruket og i utslepp. Vi er kjempenøgde.

– Energiforbruket drastisk ned

Fasiten er at utsleppa har gått ned med 99 prosent lokalt, og drivstoffutgiftene har gått ned med 70 prosent, samanlikna med ei dieselferje.

– Vi gjorde nokre tekniske forbetringar i februar i år. Det hjelpte ganske mykje. Men utover våren fekk vi nye problem. Skroget på ferja grodde fordi botnstoffet ikkje var godt nok.

Difor måtte ferja på land i sommar og få nytt botnstoff.

– Etter at vi gjorde det har energiforbruket gått drastisk ned og er lågare enn då ferja var heilt ny. No har vi ei mykje meir robust løysing enn vi hadde i utgangspunktet.

Steinar Johnsen, skipper på Ampere

– HAR VORE UTFORDRANDE: Skipper Steinar Johnsen på «Ampere».

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

–Har vore ei utfordring

Skipper Steinar Johnsen har vore på «Ampere» sidan ferja var ny og har fått med seg både problema og no det regionsjefen kallar braksuksess.

– Det har vore ei utfordring. Vi humpa oss i gang, og hadde mange innstilte turar. Det har vore trøblete til tider, ikkje minst for dei reisande, som har blitt skadelidande. Men så har det gradvis blitt betre. No er det gjort grep i 2017 slik at vi kan lade meir kvar gong og fått nytt botnstoff, så det ser veldig bra ut.

Jan Gunnar Rysjedal, skipper på "Stavanger"

– ELFERJER ER FRAMTIDA: Skipper Jan Gunnar Rysjedal på dieselferja «Stavanger».

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kollegaen hans på dieselferja «Stavanger», Jan Gunnar Rysjedal, er heller ikkje i tvil om at elferje er framtida.

– Det er slik med all ny teknologi, litt prøving og feiling, men det går framover heile tida.

Eldrift på ei ferje til

Og no varslar regionsjef Inge André Utåker at Norled at ei av dei andre ferjene på sambandet, «Oppedal», skal få elektrisk drift i 2018.

Bilferjene Ampere og Stavanger

NY OG GAMAL TEKNOLOGI: Elferja «Ampere» og dieselferja «Stavanger» møtest midtfjords.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK