Hopp til innhold

Norled skal overta Lavik - Oppedal

Transportselskapet Norled skal overta ferjedrifta på E39 Lavik–Oppedal frå 2015.

Ferjekø i Lavik

FERJESKIFTE: Fjord1 har i dag ferjene på Lavik–Oppedal. Frå 2015 skal Norled overta drifta her.

Foto: Thomas James

Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at Norled AS skal drive miljøferjesambandet for perioden 2015–2024. Det er Fjord1 som har dette sambandet på E39 i dag.

Kontrakten omfattar utvikling og drift av ei meir energi – og miljøeffektiv ferje, i tillegg til to konvensjonelle ferjer.

Glad for kontrakten

Administrerande direktør Ivan Fossan i Norled er glad for at dei har vunne anbodsrunden.

– Dette var ein kjekk beskjed å få ein fredag. Det var tøff konkurranse mellom fire selskap, men vi hadde det beste tilbodet og vann på både pris og miljø, seier han til NRK.no.

Fire selskap har vore med i konkurransen om å drive ferjesamband på den svært trafikkerte ferjestrekninga på E39. Selskapa har konkurrert om å utvikle den mest energi- og miljøeffektive ferja.

Satsar på batteriferje

Norled AS leverte det tilbodet som skåra høgast energi- og miljøkriteria og hadde lågast pris. Norled sitt tilbod er ei 100 prosent batteridriven ferje. Fossan seier det betyr mykje å ha fått denne kontrakten på ferjesambandet.

– Det er eit stort og viktig samband på E39. Vi skal gå med tre store 120 bilars ferjer, seier han.

– Kva blir nytt når de tek over med tanke på miljøsatsinga?

– Vi blei utfordra på å utvikle den mest miljøvennlege ferja. Dette er eit nytt konsept der vi har satsa på eit batteriferje. Det er ein av hovudgrunnane til at vi vann anbodet.