NRK Meny
Normal

Fyller opp båtar og bussar

Både båt- og busselskapa merkar godt til streiken. Norled køyrer sine ruter som vanleg heile helga og ventar stor pågang av passasjerar.

Ein av Norled sine båtar, her til kai i Sogndal

KØYRER FOR FULLT: Norled ventar stort påtrykk av passasjerar på sine hurtigbåtar til og frå Bergen dei næraste dagane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Regionsjef for hurtigbåtar i Norled, Bjørn Egil Søndenå, seier til NRK at dei køyrer med full kapasitet gjennom både Kristi Himmelfartsdag og resten av helga for å sikre at folk kjem seg fram.

– Det er gode moglegheiter til å kome seg til og frå Bergen med Norled sine hurtigbåtar. Det er store, nye båtar som fraktar folk fort fram. Det har vore mange kundar som lurer på om vi går og når vi går, seier Søndenå til NRK.

Han syner kundane vidare til Norled sine heimesider for nærare ruteinformasjon. Mange har i dag vore i kontakt med selskapet for å finne ut korleis dei kan kome seg til eller frå fylket når Widerøe-streiken råkar så hardt.

– Kan det vere aktuelt for dykk å setje inn ekstra kapasitet?

– Det kan vere aktuelt dersom vi får ein førespurnad om det. Slik båtane vår er, så er det god kapasitet. Men om streiken held fram og reisemønsteret endrar seg, så kan det vere aktuelt. Det kan fort vere ein del Nordsjø-folk som skal heim, og då kan det vere behov for større kapasitet.

Onsdag morgon vart det sett inn ekstra ekspressbussar frå Oslo til Sogn og Fjordane for å ta unna for kapasitetsproblema. Mange Widerøe-passasjerar måtte sitje på buss i mange timar i staden for å ta ein kort flytur til eller frå fylket.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå