NRK Meny

Norled med snuoperasjon

Reiarlaget Norled har aldri før tent så mykje pengar som dei gjorde i 2015. Ifølgje Firda passerte dei i fjor to milliardar kroner i driftsinntekter. Resultatet før skatt vart 100 millionar kroner i pluss, til stor skilnad frå året før då selskapet leverte eit resultat før skatt på 130 millionar kroner i minus. Fungerande administrerande direktør, Lars Jacob Engelsen, seier låge oljeprisar er blant viktige forklaringar på dei sterke resultata. Her i fylket driftar Norled ferjesambanda Lavik-Oppedal og Leirvåg-Sløvåg, i tillegg til hurtigbåtane mellom Sogn og Bergen og Nordfjord og Bergen.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote