Hopp til innhold

Håpar framleis på fusjon med Fjord1

Norled håpar at Sogn og Fjordane som majoritetseigar i Fjord1 skal lande på at fusjonen med Norled er den beste løysinga.

Ingvald Løyning

OVERRASKA: Ingvald Løyning, styreleiar i Norled, vil ikkje bruke ordet overraska over kor lite av intensjonsavtalen som var avklara mellom Fjord1 og fylkeskommunen. – Men eg hadde naturlegvis håpa at det vart sett på som eit veldig godt alternativ, seier han.

Foto: Tommy Ellingsen

Etter sju timar i møte måndag kveld, sa Fylkesutvalet og Fjord1-styret seg samde i å setje ned ei arbeidsgruppe som skal vurder Fjord1 si framtid.

Styreleiar i Norled, Ingvald Løyning, tykkjer det er ein god ide.

– Så vil eg håpe og tru, for vi har framleis stor tru på at denne fusjonen kan gje mange gode effektar for selskapa, at ein landar på å prøve i den retning, seier Løyning.

– Ser framover

Fjord1 har vore i kraftig vêr etter at intensjonsavtalen om samanslåing med Norled vart kjent for fylkespolitikarane.

Reidar Sandal og Åshild Kjelsnes på Sunnfjord hotell

SEMJE: Reidar Sandal og Åshild Kjelsnes trekte på smilebandet etter møtet måndag. – Eg føler at vi har fått eit betre klima for dialog no etter møtet, sa Kjelsnes

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Etter måndagens møte var det ei tilsynelatande semje mellom fylkesordførar Åshild Kjelsnes og styreleiar Reidar Sandal i Fjord1.

– Vi ser framover, og vi har eit felles ønskje om å styrkje selskapet på best mogleg måte. Så må vi ha ein god dialog, og då er det ein god måte å gjere det på med å ha ei god arbeidsgruppe, sa Kjelsnes.

Håpar på fusjon

Styreleiarane i dei to selskapa deler håpet om at fusjonen går gjennom. Løyning i Norled seier at det er eigars privilegium å vurdere kva som er best for eigar og for selskap.

– Ut frå alle diskusjonane vore, så er det naturleg å sjå på dei moglegheiter som finst, seier Løyning.

– Er du overraska over all uroa som har kome i kjølvatnet av at intensjonsavtalen vart kjend?

– Det spesielle er at det kjem så mykje ut i offentlegheita fordi det er eit offentleg eigarskap. Hadde det vore to reine privatselskap, så ville også diskusjonane funne stad, men kanskje ikkje kome ut.

Internasjonal konkurranse

Ved å slå saman musklane håpar Norled og Fjord1 å vere betre rusta for internasjonal konkurranse – både i inn- og utland.

Løyning seier at Norled framleis kan leve med uvissa og diskusjonane som går føre seg i og rundt den potensielle samarbeidspartneren i Fjord1.

– For vår del, så har vi allereie handsama dette som at det er ein interessant veg å gå. Vi har ikkje sett opp noko nytt styremøte for å diskutere kva stillinga er no. Vi starta dette med at det er ein interessant fusjon og ser ikkje grunn enno til å endre den oppfatninga.