Hopp til innhold

Norled avviser ferjekritikk

Norled avviser kritikken om at dei ikkje har gode nok ferjer på strekninga Sløvåg–Leirvåg.

Inge Andre Utåker

AVVISER KRITIKK: Regionsjef i Norled Inge Andre Utåker

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Den ferja som går der er ikkje noko dårlegare enn andre ferjer, det er hamneforholda som gjer at vi må kutte avgangar når vêret er dårleg, seier regionsjef i Norled, Inge Andre Utåker.

I Gulen har fiskeeksportør Ola Braanaas sett seg lei på dei mange innstillingane på ferjesambandet.

– Vi er avhengige av å kunne stole på ferjesambandet. Vi har vogntog som skal rekke ferjer vidare ut av Noreg, og viss dei blir hefta her så går det gjerne eitt eller to døgn ekstra før kundane får varene sine. Dette er ferskvarer som helst ikkje skal vere for lenge i eit vogntog.

Tysdag føremiddag kom han med kraftig kritikk av ferjene som trafikkerte sambandet, og kravde betre materiell som toler meir uvêr.

Ola Braanaas

KREV BETRE FERJER: Fiskeeksportør Ola Braanaas

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Det ferjemateriellet som har vore på fylkesveg 57 Sløvåg–Leirvåg er mildt sagt utrangert og elendig. Det er på høg tid at det blir stilt nye krav til sambandet om meir tidsrett utstyr, seier Braanaas.

– Eg skal ikkje utelukke at betre ferjemateriell kunne gitt færre kansellerte turar, men at det finst ferjemateriell i Norge i dag som kunne klarte seg i det vêret vi har hatt det siste døgeret utan avbrot, det tvilar eg på, seier Utåker.

Møtte departementet

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes var i dag i møte med samferdsledepartementet for diskutere problema på riksvegferjene våre. Ho brukte då fiskeeksportøren i Gulen som eksempel på problema.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

TOK OPP FERJEPROBLEM MED DEPARTEMENTET: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Det var faktisk han eg brukte som eitt av døma på at dette er viktig for oss i fylket, men også for riksvegsambanda. Eg drog også fram at det vil vere utfordrande for fylkeskommunen, ikkje minst med den økonomien som vi har utsikt til å få, å kunne halde oppe gode tilbod i nye anbodsrundar.

Hamnene må bli betre

I Norled seier regionsjef Inge Andre Utåker hamnene må bli betre, skal dei få slutt på kanselleringane.

– Så lenge hamnene er som dei er, så er vi utsette her oppe. Vi har same type materiell frå Stavanger til Harstad, og dette sambandet er det som er vanskelegast å betene i dårlege vêr, seier Utåker