NRK Meny
Normal

Meiner at politiet lett kan løyse maste-saka

Norkring meiner at politiet ikkje tek alvorleg nok at to ungdommar klatra opp den 136 meter høge TV-masta i Førde.

Jørgen Thaule og TV-masta på Hafstadfjellet

KRITISK TIL POLITIET: Jørgen Thaule i Norkring meiner at politiet lett kan finne ut kven som stod bak klatrestuntet på Hafstadfjellet.

Foto: FOTOMONTASJE: Privat/Telenor

Direktør for informasjon- og samfunnskontakt i Norkring, Jørgen Thaule, meiner at politiet har vore defensive etter at det blei kjend at dei to gutane klatra opp i TV-masta på Hafstadfjellet, filma det heile og la det ut på Youtube.

– Det er vel slik at dei fleste i Førde veit kven det er som har teke seg opp i masta. De i NRK klarte jo å få tak i dei på berre eit par timar. Difor vonar eg at politiet kan statuere eit døme og få tak i desse som har utført denne handlinga.

– Meiner du at politiet tek dette for lite på alvor?

– Det meiner eg. Vi hadde knapt nok meld saka før de intervjua politiet i går, som nærast la vekk saka. Det er i alle fall mitt inntrykk at dei ikkje tek dette så alvorleg. Det kan jo ikkje vere den vanskelegaste saka å løyse dette her, seier Thaule.

Norkring eig og driv eit stort nett av TV- og radiomaster over heile landet. Dei står også til dømes bak utbygginga av det digitale radionettet (DAB).

Vil etterforske saka

Jan Egil Tvinde

LENSMANN: Jan Egil Tvinde seier dei vil ta mastesaka alvorleg.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Regionlensmann Jan Egil Tvinde seier at han ikkje var klar over at saka kom til å bli meld av Norkring då han uttala seg til NRK tysdag.

– Dersom saka blir meld, så kjem vi til å etterforska den og ta ho så alvorleg som ho skal takast i forhold til andre saker hos oss, seier Tvinde i dag.

– Kor alvorleg ser politiet på saka?

– Det er jo alvorleg på den måten at det kan freiste andre til å gjere det same. Om nokon dett ned frå mastar, så er jo døden den sikre utgangen. Om saka er meld, så får vi prøve å finne ut kven som har gjort dette, og sjå på kva lover dei eigentleg har brote.

– Stor strålefare

Jørgen Thaule i Norkring peikar på at det er ikkje berre høgda på fasta som er farleg.

– Det er jo stor strålefare, og det er jo difor vi må skru av sendarane når vi skal opp og jobbe der. Hafstadfjellet er ein hovudsendar, og det er svært stor helsefare og fare for skader ein gjerne ikkje ser på utsida, men indre skader i kroppen, slår Thaule fast.

To ungdomar klatra opp i TV-mast og la ut video på Youtube.

TV-SAK: Tysdag laga Vestlandsrevyen denne saka om dei to ungdomane som klatra opp i TV-masta på Hafstadfjellet i Førde.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen